Laurdagen under Osfest kjem gamlebandet til Jarle Bernhoft, Green Granadas, på scenen.
– Dei svingar skikkeleg. Dette gler vi oss til, og vi har allereie fått signal om at Os Swingklubb vil koma og dansa under konserten, seier Ole Reiner Berg-Olsen frå Osfest.
Rockabillybandet Green Granadas har blanda sin fandenivolske cocktail med eit shot Elvis Presley, ein liten Eddie Cochran-paraply, fire Stray Cats-isbitar og ein dose hemmeleg Buddy Holly-mikstur.
Dei er kjent som eit forrykande liveband og har turnert med jamne og ujamne mellomrom i over 15 år.
Bandet består av klassisk rock'n'roll-format; to gitarar, bass og trommer, der alle fire er habile vokalistar.
Medlemmar:
Slick Pick (Ståle Søndrål Wick), gitar og vokal
Freddie Frantic (Odd Erik Lothe), gitar, tangentar og vokal
Allen D Rocker (Roger Allan Ivin) bass og vokal
Killy Kat (Inge Willy Hauge), trommer og vokal
Green Granadas har dei kritiskerroste albuma Slidin' all over (2007) og Ready, set, go (2011) på samvitet.
Osfest, som går av stabelen 1. og 2. august i år, har frå før booka Dumdum Boys, Jim Stärk, Steinar Albrigtsen, Jørn Hoel, Eirik Søfteland og Gina Aspenes.