Sport | 09. des. 2009

Grei 12-målssiger

Bortekampen mot Bergen HK enda 51-12. Det var eit anna BHK Os møtte heime tysdag.

Grei 12-målssiger
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 09. des. 2009 08:40

Os møtte eit sterkare BHK i går enn i førre runde. Likevel burde dei kanskje vunne med meir enn 12 mål.

- Eg trur ikkje det var meir enn 2-3 spelarar på kveldens motstandarlag som også spelte førre kamp. Vi tok føringa og hadde kontroll, men kunne ha avverga fleire skot, seier trenar Kenneth Husebø.

Han seier Os-damene var gode i forsvar og gode på kontra, men at dei slurva litt i slutten av angrepa til motstandaren.

- Det verka som om dei gjekk og gledde seg til å kjøra kontra i staden for å konsentrera seg heilt ut, slik at dei kunne blokka skotet dei veit kjem når tida ebbar ut.

Det sto 20-15 til Os til pause, men dette kunne ifølgje trenaren like gjerne vore 25-12.

10 minutt utan baklengsmål
I pausen fekk damene beskjed om å skjerpa seg, og ein periode i andre omgang gjekk det ti minutt utan at motstandarane skåra.

Os drog ifrå og vann ein kontrollert og grei siger over botnlaget Bergen HK.

- Det var kjekt å sjå at dei som yter best på trening også var dei som gjorde det best i kampen, seier Kenneth.

Madeleine Hjertnes blei toppskårar i kampen med 10 mål, 3 av dei på straffe.

Os - Bergen HK: 38-26 (20-15)
Os sitt lag (skåringar i parantes): Anne-Lene Tysseland, Vibeke Ingebrigtsen, Madeleine Hjertnes (10), Malin Hjelle Berentsen, Tonje Hjertnes (2), Maria Stangeland Lunde (5), Hilde Kristine Røttingen (6), Ingvill Hefte (5), Cathrine Marceliussen, Mona B. Stigen (5), Elise Hjelle (4), Trine Balland (1)
Utvisningar: Bergen HK: 2x2min., Os: 1x2min.
Tilskodarar: 62

Os spelar også neste kamp på heimebane, mot Sotra laurdag 19. desember (kl 16.30).
Sotra ligg på 8. plass på tabellen, plassen bak Os.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.