Grei siger over Gneist
Det blei ei grei gjennomkøyring for osherrane då dei møtte Gneist sundag kveld.

Osherrane spelte sin siste heimekamp for sesongen då dei tok i mot Gneist i Oshallen sundag kveld.
Med ein fulltallig stall mot eit Gneist som stilte akkurat mannskap blei det ikkje den heilt store spenninga. Osherrane tok tak frå første sekund og drog fort i frå med høgt tempo og gode kombinasjonar.
Unggutanes kveld
Sidan Os sin faste keeper Einar Godø ikkje hadde moglegheiten til å spela kampen var det 16-årige Andreas Glomsaas Sennesvik som fekk oppgåva med å vakta Os-buret.
- Eg tykkjer Andreas klarar seg bra. Forsvaret står godt framfor han og til samen gjer dei ein heilt grei jobb, oppsummerar trenar Leif Idar Røen.
Når Røen ser korleis kampen utviklar seg slepp han ungdommen inn framfor rutinen. Inn kjem mellomanna debutant Johan Nydal for veteran Ove Lyssand.
- Johan får mykje speletid og gjer ein solid forsvarsjobb. Diverre får han ikkje så mykje å jobba med framover, så det blir ingen mål i protokollen på ungguten, seier Røen.
Konkurransen irriterar
Alt i alt er Røen nøgd med kampen, men ein liten ting irriterar trenaren stort.
- Det er nokre av spelarane som tydelegvis har ei intern konkurranse gåande om å skåra flest mål.
- Dette øydeleg spelet ved at dei blir så opptekne av å skåra sjølv at dei gjer dårlege og dumme val i angrepet, avsluttar Røen.
Os-Gneist 36-26 (19-13)
Os sitt lag: Andreas Glomsaas Sennesvik, Hans Brunvatne, Trygve Dahl 3, Jørgen Wold 7, Johan Nydal, Torbjørn Hjelle 5, Øystein Vindenes, Anders Kloven 4, Erik Vågen 1, Isak Røen 4, Øystein Skarding 3, Ove Lyssand 1, Joakim Blostrupmoen 8.
Os spelar sin siste seriekamp neste laurdag då dei møter Nornen 2 i Haukelandshallen.