Lokal | 28. juni 2018

Grei start på kunsthandverksmesse

Osdagane • Litt forsiktig start, men arrangementssjef Berit Steen reknar med det tek seg opp i løpet av dagen.

Grei start på kunsthandverksmesse
Keramikk, tekstil, glass og smykker er blant tinga du finn på kunsthandverksmessa på Oseana (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 28. juni 2018 11:17

Bildeserie:

Keramikk både som bruksting og som kunst (foto: AH)
Keramikk både som bruksting og som kunst (foto: AH)
Fargerik glasskunst (foto: AH)
Fargerik glasskunst (foto: AH)
1 av 2
Keramikk både som bruksting og som kunst (foto: AH)
Fargerik glasskunst (foto: AH)

Klokka 11 torsdag formiddag opna Kunsthandverksmessa i Oseanasalen på kulturhuset.

– Det har vore greit den første timen, ikkje kjempemasse folk, men eit jamnt sig har det vore. Eg både håper og trur at vi vil få ein synergi med marknaden inne på Osøyro, slik at folk som kjem dit også tek turen utanom her. Vi held ope fram til klokka 18 i kveld, fortel Berit Steen, arrangementssjef på Oseana kunst- og kultursenter.

Høg kvalitet, men litt få

På messa er det sju utstillarar med keramikk, tekstil, glass og smykker.

– Det er klart vi hadde ønska oss fleire utstillarar, men det er vist ei stor kunsthandverksmesse i Jondal, så det er nok mange som har prioritert å stille på den.

– Men dei vi har her er det verkeleg høg kvalitet over og det er god variasjon i kva dei har å tilby, så det er absolutt verdt å ta turen. Eg er frista til å handle litt sjølv òg, smiler Steen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.