Sport | 17. apr. 2018

Grodås gav ungdomen litt å strekka seg etter

Unge keeperar frå Osbygda fekk tett med nye øvingar av landslagstrenaren.

Grodås gav ungdomen litt å strekka seg etter
Frode Grodås demonstrerte ivrig på kurs meg ungdomar på Kuventræ i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 17. apr. 2018 17:01

Bildeserie:

Jørgen frå Os G13 og Anders frå Lysekloster/Nore Neset G14. (Foto: KVB)
Jørgen frå Os G13 og Anders frå Lysekloster/Nore Neset G14. (Foto: KVB)
Kurset fekk i alt 17 deltakarar. (Foto: KVB)
Kurset fekk i alt 17 deltakarar. (Foto: KVB)
Fem av dei er jenter. (Foto: KVB)
Fem av dei er jenter. (Foto: KVB)
På enkelt og effektivt vis heldt han heile gruppa i sving. (Foto: KVB)
På enkelt og effektivt vis heldt han heile gruppa i sving. (Foto: KVB)
Med som assistentar hadde han Os-keeperane Frode og Anders. (Foto: KVB)
Med som assistentar hadde han Os-keeperane Frode og Anders. (Foto: KVB)
Denne var det berre Frode sjølv som klarte. (Foto: KVB)
Denne var det berre Frode sjølv som klarte. (Foto: KVB)
– Ikkje land på olbogen! (Foto: KVB)
– Ikkje land på olbogen! (Foto: KVB)
Reaksjonsevne i fokus. (Foto: KVB)
Reaksjonsevne i fokus. (Foto: KVB)
EMS keepertrening med Frode Grodås. (Foto: KVB)
EMS keepertrening med Frode Grodås. (Foto: KVB)
EMS keepertrening med Frode Grodås. (Foto: KVB)
EMS keepertrening med Frode Grodås. (Foto: KVB)
Endre Brenne og Frode Grodås. (Foto: KVB)
Endre Brenne og Frode Grodås. (Foto: KVB)
EMS keepertrening med Frode Grodås. (Foto: KVB)
EMS keepertrening med Frode Grodås. (Foto: KVB)
Eat Move Sleep: Sunn mat venta på deltakarane. (Foto: KVB)
Eat Move Sleep: Sunn mat venta på deltakarane. (Foto: KVB)
Etter treninga var det foredrag. (Foto: KVB)
Etter treninga var det foredrag. (Foto: KVB)
1 av 14

I mars blei det kjent at Eat Move Sleep-ambassadør, keepertrenar Frode Grodås, ville koma til Kuventræ for å trena ungdomar frå heile bygda.

Eat Move Sleep-kollega Os Fotball var vertsskap, 12 gutar og 5 jenter frå ulike klubbar deltok.

– Eg har vore på keeperskule før, men er glad eg fekk plass her, seier Anders Askvik Brattetveit frå G14 på Lysekloster/Nore Neset.

Keeper på Os G13, Jørgen Førde, var òg spent på veg til banen.

Effektiv økt med enkle hjelpemiddel

Grodås hadde Os-keeperane Frode Moberg Øvredal og Anders Fossen Lunde, og trenaren deira, Chris Kytiri, med seg som assistentar.

Men han styrte ungdom godt åleine òg, ein ball og ein liten del av ei kunstgrasmatte var alt han trengte for å gje deltakarane ein serie av øvingar og utfordringar, nokre var morosame og svært utfordrande, andre var enkle og effektive - alle var korte og utan at det var behov for å stå mellom målstengene.

Eksempel:
• Halvparten av gruppa har ball. Alle joggar innafor ein merkt firkant på banen, dei utan ball stoppar, står i «skotposisjon» og får kasta ein ball til seg.
• Alle har ball. Spring rundt, få kontakt, kast samtidig til kvarandre og grip. Helst med éi hand.
• Keeper let motparten skyta tunell på seg sjølv, men snur seg og reddar ballen i det den har kome gjennom. – Dette skjer heldigvis ikkje så ofte i kamp, men det gir god øving, sa Frode og lo.

– Skyv også med foten som er nærmast ballen, altså retninga der du slenger deg! presiserte keepertrenaren, som sjølv var aktivt med på kvar øving.

Tilskodarar og foredrag

Før Frode Grodås (53) i 2010 blei trenar for herrelandslaget sine keeperar spelte han på øvste nivå i over 20 år, frå debuten for Sogndal som 17-åring i 1982 til landskamp mot Danmark i 2002. Grodås har blant anna vore med på å slå Brasil i VM 1998, vunne finalen i FA-cupen i 1997 med Chelsea og blitt seriemeister med Lillestrøm i 1989.

Han er nok like kjent for foreldra og trenarane til dei unge keeperane som deltok på treningsøkta, og fleire av desse sto ringside og fekk med seg øvingane.

Etter treninga var det foredrag i klubbhuset. Både treninga og foredraget var gratis.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.