Frode Grodås kjem til Os for å halda foredrag og for å trena med unge, lokale keeperar. (Foto: Thomas Brekke Sæteren, NFF)

Grodås til Os for å trena lokale ungdomskeeperar

Han har slått Brasil og vunne FA-cupen. I april kjem landslagstrenar Frode Grodås til Kuventræ.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

– Vi har vore heldige! Dette blir stort både for dei som får trena med han, og for oss som får oppleva å ha Frode Grodås som gjest og foredragshaldar, seier dagleg leiar i Os Fotball, Endre Brenne.

Os Fotball er valt ut til å vera ein av 37 Eat Move Sleep-ambassadørar i år, for tredje år på rad, og det er via Eat Move Sleep at klubben no får landslagstrenaren på besøk.

Før Frode Grodås (53) i 2010 blei trenar for herrelandslaget sine keeperar spelte han på øvste nivå i over 20 år, frå debuten for Sogndal som 17-åring i 1982 til landskamp mot Danmark i 2002. Grodås har blant anna vore med på å slå Brasil i VM 1998, vunne finalen i FA-cupen i 1997 med Chelsea og blitt seriemeister med Lillestrøm i 1989.

Har plass til 14 keeperar 

Årets EAT MOVE SLEEP-cup på Kuventræ går av stabelen 2. og 3. juni.

Grodås kjem til Os i god tid før cupen startar; nemleg på «Super-Tirsdag» 17. april.

– Keepertreninga er open for alle mellom 13 og 17 år frå Os Fotball og naboklubbane. Men det er berre plass til 14 deltakarar, seier Brenne.

Han la i dag ut informasjon og opna for påmelding på Os Turn sine heimesider.

Trening og foredrag

Treningsøkta varer i halvannan time frå klokka 17 på ettermiddagen.

- Vi vil ha meir spelande keeperar. I barnefotballen er keeperane ofte passive og blir ståande heilt inne på streken.

– Om dei kjem seg lengre ut blir dei betre keeperar og dei får det gøyare i trening og kamp i og med at dei blir meir med i spelet, sa Grodås til fotball.no i samband med tilsvarande trening for EMS i Bodø.

Etter økta, frå 18.30 til klokka 20, er Frode Grodås i klubbhuset på Kuventræ for å halda foredrag. Foredraget er ope for alle, ikkje berre ungdomane.

Både treninga og foredraget er gratis.

Inspirasjons- og kunnskapskonseptet EAT MOVE SLEEP er eit samarbeid mellom BAMA, Norges Fotballforbund og Eat Initiative.

Fleire saker