Både Os Idrettspark KF og Oseana KF hadde pluss-tal i rekneskapen for 2018. (Foto: KVB)

Gode tal frå KF-ane

Både Oseana og Os Idrettspark (tidlegare Osbadet KF) gjekk i pluss i 2018.

Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Tysdag kveld var det møte i kommunestyremøte. To av sakene omhandla Os kommune sine eigne selskap, òg kjend som kommunale føretak - KF.

Oseana KF og Os Idrettspark KF sine rekneskap var begge innom formannskapet i veke 23 for gjennomgang.

I går kveld var det kommunestyret sin tur til å få meina noko om resultata.

17.368 kroner og 20 øre i pluss for Oseana KF

Oseana kunne visa til eit overskot/ mindreforbruk på kr. 17.368,20 for 2018. Administrasjonen tilrår kommunestyret at mindreforbruket til Oseana KF vert sett av til disposisjonsfond i selskapet, og at styret i Oseana KF får fullmakt til å disponera dette fondet.

Eirik André Hesthamar (Frp) tok til talarstolen og meinte at kommunestyret skulda noko;

– Vi skuldar å framsnakka Oseana. Kulturhuset er innovativt og framtidsretta. Ta til dømes streaminga av framsyningar ut til instutisjonar og mange andre spanande prosjekt som Oseana no leier an i.

Hesthamar ville òg at kommunestyret gav honnør til direktør ved Oseana, Ole Tobias Lindeberg, som nyleg vart vald til leiar for Norsk Kulturhusnettverk.

509.017 kroner og 28 øre i pluss for Os Idrettspark KF

For Os Idrettspark KF er overskotet, eller mindreforbruket om du vil, noko større.

Dei endelege tala syner rett i overkant av ein halv million kroner i pluss for 2018.

Administrasjonen ba i sitt framlegg kommunestyret om same behandling av midlane.

Roald Stigen (Frp) tok til talarstolen i denne saka, og nytta høvet til å rosa både styret og dei tilsette ved idrettsparken.

Kommunestyret vedtok samrøystes begge rekneskapa utan vidare debatt.

Fleire saker