Lokal | 07. juli 2009
Grovt tjuveri
Politiet ber om tips etter innbrot og tjuveri av fleire pc-ar ved Os ungdomsskule.


Kjetil Vasby Bruarøytysdag 07. juli 2009 14:22
- Eg har ikkje oversikt over omfanget enno, men det ser ut som om det er ganske mange pc-ar som er tatt, seier politioverbetjent Terje Sperrevik til midtsiden.no.
Innbrotet blei oppdaga tysdag morgon, av ein tilset i Os kommune. Politiet vil ikkje seia noko om korleis tjuven eller tjuvane har tatt seg inn på skulen.
- Om nokon har gjort observasjonar av folk eller bilar i området, er vi svært interessert i tips. Førebels jobbar vi med tidsrom frå fredag til tysdag, seier Sperrevik.
Os lensmannskontor har telefonnummer 56 30 39 00.