Lokal | 20. des. 2017

Grusing skapte bråk

CH Henie si oppgradering av sti på Ulven har skapt reaksjonar i Forsvaret.

Grusing skapte bråk
Denne stien som har blitt grusa opp att har skapt bråk (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamreonsdag 20. des. 2017 10:19

I slutten av november la CK Henie grus på stien frå Ulvensletta til Moberg for å betra tilkomsten til sykkelklubben si MTB-løype.

– Forsvaret har vore veldig greie med oss, og dei siste 5-6 åra har vi hatt ei 1,7 km lang MTB-løype (mountain biking) i øvingsområdet deira, fortel Leif Erik Garvik.

Løypa ligg mellom Ulvenvatnet, flystripa på Vaksinen og Liafjellet. For å få betre tilkomst til denne bruker klubben no 30.000 kroner og mange dugnadstimar.

– Vi ønskjer å unngå å vera så tett på flystripa når vi skal til og frå løypa, når aktiviteten i Os Aeroklubb er høg kan det, særleg for våre yngre medlemmar, vera tryggast å ta ein annan veg forbi. No har vi heldigvis fått lov til å gruslegga delar av stien som går frå Ulvensletta til Moberg, sa formann i CK Henie, Edvard Ramsvik til Midtsiden då dugnadsarbeidet blei gjort.

Har skapt mykje uro

Då kommunestyret tysdag handsama kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv tok Nils-Anders Nøttseter (MDG) opp turstien rundt Ulvenvatnet.

– Eg ser det står noko om turveg frå gravplassen på Kuventræ til Sigurdsvikjo. Men kan vi få litt informasjon om prosjektet på andre sida av vatnet?

Kommunalsjef for samfunnsutvikling, Aina Tjosås fortalde at det går føre seg ein reguleringsplan for heile området på Ulven.

– Den kjem forhåpentlegvis til våren. Vi må ha ein siste stopp fordi vi har lagt inn krav om fortau langs Lyseklostervegen.

– Når det gjeld turstien så er det heilt klart ein konflikt der med tilgang gjennom forsvaret sitt område. Den ligg ikkje inne i reguleringsplanen, men er noko de som politikarar kan legga inn i føresegnene.

– Den grusinga som har blitt gjort der oppe har skapt mykje uro og vi har vore på tilsyn. Vi kan ikkje sjå at det er eit søknadspliktig tiltak, så lenge grunneigar har samtykka. Så er det vel ein intern diskusjon i Forsvaret om dei er einige eller ikkje internt, fortalde Tjosås.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.