Sport | 20. jan. 2014

Gull og sølv på 3000 meter

Norna-lekene: Erik Tysse og Joakim Sælen gjorde reint bord på 3000 m kappgang, men òg i andre øvingar gjorde osingar det skarpt.

Gull og sølv på 3000 meter
Joakim Sælen og Erik Tysse med sølv og gull på 3000 meter under Norna-lekene (privat foto)
Andris Hamremåndag 20. jan. 2014 10:23

Eirik Tysse, Norna Salhus og Joakim Sælen, TIF Viking gjekk inn til fantastiske tider på 3000 meter kappgang under Norna-lekene i Leikvang Friidrettshall laurdag.

Eirik vann konkurransen på tida 11.20.48 framfor Joakim på 11.57.41, noko som er ny innandørs rekord for U23 med 39 hundredelar.

Med desse tidane plasserar dei to osingane seg heilt i noregstoppen innandørs for seniorar, bak Erling Andersen som har rekorden på distansa, satt i 1988.

Slik er topp fire på 3000 meter kappgang innandørs: Erling Andersen, 11.16,3 (1988), Erik Tysse, 11.20,48 (2014), Trond Nymark, 11.52,8 (2012), Joakim Sælen, 11.57,41 (2014).

Målfrid med 2 gull

Det var ikkje berre gutane som gjorde det skarpt i Leikvang Friidrettshall. Målfrid Pettersen Lunde, som no konkurrerar for Fana, vann tresteg J17 med eit hopp på 10,51 og lengde J17 med 4,55 meter.

På 800 meter tok Målfrid tredje plassen med tida 2.29,05.

Lagvenninna Maren Risøen vann kvinner senior i lengde med 4,39 meter og tok tredje plass i tresteg med 10,24 meter.

Sofie med sølv

Det gror godt i friidrettsgruppa til Os Turn bak Målfrid og Maren også. Sofie Olsvoll Hausberg deltok i heile 5 øvinger med sølv i lengde og i kule for J14 som det sterkaste resultatet. Sofie hoppa 3,98 meter i lengde og kasta kula 7,00 meter.

Andre resultat for utøvarar frå Os:

J14 – Tresteg:
5. Sofie Olsvoll Hausberg – 8,45

J14 – 60 m:
4. Sofie Olsvoll Hausberg – 9,16
5. Michelle Gassmann – 9,47

J14 – 400 m:
3. Michelle Gassmann – 71,17
5. Sofie Olsvoll Hausberg – 76,56

J15 – 200 m:
9. Vilde Hesvik Kartveit – 34,11
10: Viktoria Tufteland Haukefer – 36,63

J15 – Høyde:
5. Vilde Hesvik Kartveit – 1,25
6. Sunniva B. Kvittingen – 1,20
7. Viktoria Tufteland Haukefer – 1,10

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.