Sport | 14. apr. 2012

Gult – ikkje kult

Held Osspelarane seg unna usportslege gule kort mot Bjarg vanker det meir pengar i det nyoppretta Fair Play-fondet.

Gult – ikkje kult
Os-trenar Tim Henrik Sperrevik, Vitaltour-gründer Hans Parnefält og Os-kaptein Stian Lunde med sjekken som er grunninnskotet i Fair Play-fondet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 14. apr. 2012 09:37

Sjølv om Os spelar i gult er det ikkje alt gult som er like kult.

Sponsor, og styremedlem i Os Turn Fotball, Hans Parnefält i Vitaltour har teke initiativ til å opprette eit eige Fair-Play Fond i klubben kor mangel på usportslege gule kort gjer at det dryp økonomisk på klubben.

I samband med Bjarg-kampen på Kuventræ klokka 16 laurdag overrekk han startkapitalen på 30 000 kroner i fondet.

- Klarer spelerane å halde seg unna gule kort for trøyeholding og filming vankar det ytterligare 500 kroner til fondet for kvar kamp, fortel Parnefält som håpar fleire, både firma og privatpersonar, vil vera med i fondet.

- Om ein bidreg med 100, 200 eller større summar for kvar kamp spelerane held seg unna desse usportslege gule korta er helt opp til kvar enkelt, seier initiativtakaren.

Startar med A-laget

Det haldningsskapande arbeidet klubben no vil premiere startar med A-laget.

- Det er ikkje lett å oppdra ungane i god Fair Play-ånd når forbilda dei ser på TV og her ute på Kuventræ ofte praktiserar det motsatte. Det er dette vi no vil gjera noko med.

- No starter vi med A-laget, så vil kampanjen spre seg utover i gruppa og til dei aldersbestemte laga etterkvart som sesongen startar.

- Dette er veldig positivt, seier kaptein Stian Lunde.

- Vi har jo alltid vore opptatt av Fair Play, men å settje ekstra fokus på det gjennom fondet er veldig bra. No er ikkje eg av dei som har dratt på meg flest gule kort for trøyeholding eller filming, men eg skal i allefall bidra så godt eg kan til å kome jukset til livs og skaffe meir pengar til fondet, smiler Lunde.

Får fleire å velje i

Ei anna positiv effekt av fondet er at trenar Tim Henrik Sperrevik forhåpentlegvis får ein breiare tropp å velgje i etterkvart som sesongen går.

- Om spelerane unngår å måtte stå over kampar som følgje av unødvendige gule kort, så er det jo ein vinn/vinn situasjon, slår Sperrevik fast.

- Eg er veldig glad for at Stian og Tim støttar så godt opp om initiativet.

- Som Tim sa då vi presenterte opplegget for spelergruppa: «Vi skal ikkje berre gjere gode fotballspelarar av dei. Vi skal òg gjera dei til gode menneskjer». Det er akkurat dette handlar om, skyt Parnefält inn.

Forbundet applauderar

Fondet, som altså får ein startkapital på 30 000 kroner, skal kvar månad premiere ein Fair Play-person i klubben. I tillegg vil årets Fair Play-person bli kåra etter endt sesong.

- Minst 50% av midlane i fondet skal nyttast til Fair Play i Os Turn Fotball. Det er det eineste kravet eg har stilt. Om det er spelarar, trenarar eller foreldre som blir kåra legg ikkje eg meg opp i. Det viktigste er at dei er gode forbilder, slår Parnefält fast.

Tidligare toppdommar, no dommaransvarleg i Hordaland Fotballkrets, Terje Hauge applauderar når han hører intitiativet frå Os. Noko tilsvarande har han ikkje høyrt om i si lange dommerkarriere.

- Dette støttar vi fullt ut, seier Hauge som håpar også andre klubbar vil gjera tilsvarande.

Os Turn har òg eit håp om at dei store internasjonale fotballorganisasjonane, som FIFA, UEFA og FA, kan plukke opp tråden og setje det uærlege spelet i enno større grad på dagsorden.

Blir tøft

Lansering av fondet skjer i samband med seriestarten mot Bjarg.

- Korleis blir den kampen?

- Det blir tøft, slår Tim Henrik Sperrevik kontakt fast.

- Det er serieopning og det blir alltid jamt.

- Eg håper sesongdebutnervene forsvann i Smøråskampen, men Bjarg er eit lag vi alltid har slitt med, avslutter kaptein Stian Lunde.

Os Turn Fotball har i anledning seriestarten og lanseringa av Fair Play-fondet bestemt at alle kjem gratis inn på Kuventræ i dagens kamp.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.