Gunnar Nagell Dahl, her i aksjon for Hjelp Moldova i 2018. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Gunnar Nagell Dahl er død

Meisterkokk, eldsjel og tidlegare festivalsjef Gunnar Nagell Dahl er gått bort.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Gunnar Nagell Dahl blei funnen død heime på Skorvane måndag ettermiddag 3. juni. Han ville fylt 67 år til helga.

Gunnar er frå Stord, men flytta til Os etter at han gifta seg, og har budd her sidan starten på 80-talet. Han etterlet seg tre vaksne born og fem barnebarn i tillegg til kona.

– Eg fann han i stova måndag ettermiddag. Det såg ut som om han fekk ein fredeleg bortgang, seier kona Oddny Dahl til BA.

Ho fortel at ektemannen såg ut til å vera i god form. Seinast søndag var dei på tur med barn og barnebarn. Derfor kom dødsfallet brått på.

– Entusiastisk, velorganisert og fantastisk omgjengeleg

Nagell Dahl overtok etter første festivalsjef, Per Kristian Hægland, og styrte Osøren Blues & Jazzfestival gjennom mange gode år.

– For det første var han ein veldig triveleg og omgjengeleg kar, lett å bli ven med og ein person vi fekk veldig fine tilbakemeldingar på frå artistar som spelte hos oss, seier tidlegare styrekollega i festivalen, Geir Mildestveit til Midtsiden.

– Han var òg fantastisk strukturert, med mange jern i elden, men med full kontroll. Eg er god på jazz, han var veldig god på blues. Vi utfylte kvarandre godt saman med resten av styret.

Den tidlegare matattacheen for Fylkesmannen i Hordaland jobba no som dagleg leiar for Chefs Dinner AS, eit selskap han eigde saman med Torstein Hatlevik frå Haaheim Gard, Nils Henning Nesje og Preben Moen.

I Os har han vore ei eldsjel for i Bjørnefjorden Matkultur, som blant anna står bak Det store bjørnafjordsmåltidet.

– Vi saknar han allereie, både som ein ven, ein mentor og ei inspirasjonskjelde. Tankane våre går til nærmaste familie, seier Daniel Skotheim, kollega i Bjørnefjorden Matkultur og tidlegare næringssjef i Os kommune.

Fleire saker