Kultur | 04. mai 2015

Gustav Bahus som Elvis?

Vinnaren av VIP-passet til Osfest er trekt. Her er fasiten – og namnet på den heldige!

Gustav Bahus som Elvis?
Her kan Anita stå i år – heilt gratis, etter å ha tippa kven som poserer som Elvis. (Foto: KVB/Picapoint)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 04. mai 2015 12:45

I førre veke, etter programsleppet til Osfest, inviterte vi lesarane våre til å tippa kven som poserer med ryggen til på festivalplakaten, der ein Elvis-jakke er manipulert inn som antrekk.

Kjenner du Osfest-arrangør Ole Reiner Berg-Olsen godt, og er god i lokalgeografi, fekk du nok drahjelp av at han er både ven og nabo med ein kunstnar i Solbakken.

Drygt halvparten av dei 66 som sendte svar tippa rett, mannen på plakaten er Arne Mæland.

– Vi naboar hjelper kvarandre, og Ole og kona Kari var på dugnad i hagen min mens eg hjelpte tilbake med å stilla opp på bildet, fortel Arne.

– Elvis kunne eg gjerne posera som, eg var stor fan av han då eg var ung. Beatles og Stones fekk eg sansen for seinare, men i starten var det ingen som kunne måla seg med Elvis, synest kunstnaren.

Fleire namn gjekk igjen

Mæland var ikkje den einaste «Arne» som innsendarane tippa på. Mange trudde det er Arne Skogedal på bildet, nokre tippa også på Arne Aarseth.

Peder Fløysand var eit forslag som gjekk igjen, mens også namn som Rolf Aarseth, Silvio Reisch, Terje Hatvik, Terje Søviknes, Gustav Bahus, Tor Egil Hylland, Kjetil Fossåskaret og Morten Abel også dukka opp.

Bortskjemt vinnar

Vinnaren av VIP-passet får ikkje berre fri entré til begge dagane under Osfest, vedkomande har også tilgang til VIP-teltet og konsertane som går som vorspiel fredag og laurdag frå klokka 15 begge dagar.

– VIP-teltet er utvida i år og blir ein fin plass både å starta festen og å trekka seg tilbake om ein vil under tak, seier ORBO, og legg til at han håper på noko betre vêr enn i fjor.

– Her blir det gode sitjeplassar og kortare kø i baren. Det er plass til 500 i VIP-teltet, men rundt 250 av desse plassane er allereie tatt av sponsorar.

Vinnaren av VIP-passet, som har ein verdi på 1550 kroner, er Anita Kvernes Kleppe frå Os.

– No blei eg veldig glad! Det er fleire artistar eg gler meg til å sjå og eg kjem til å stilla på Osfest begge dagane, seier Anita, overraska over å ha blitt trekt ut som vinnar.

Fru Kleppe var på Osfest i fjor òg. Heller ikkje i 2014 trengte ho å betala.

– Eg gjekk på folkehøgskule med Mikal Lindqvist, som speler keyboard for Dumdum Boys. Han kom med festivalpass til meg. Eg fekk også koma backstage etter konserten, fortel Anita Kvernes Kleppe.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.