Lokal | 03. juni 2014

Gut påkjørt i Idrettsvegen

Politiet: Hærverk i Strøno, utanlandsk vogntog stoppa på Halhjem og trafikkuhell i Idrettsvegen.

Gut påkjørt i Idrettsvegen
Legevakt og ambulanse rykte ut til trafikkuhell utanfor Rema i Idrettsvegen tysdag morgon. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 03. juni 2014 07:20

Tysdag morgon rykte lege og ambulanse ut på melding om trafikkuhell i Idrettsvegen.

Ein bil skal ha rulla over foten til ein gut.

– Vi har førebels ikkje fått inn melding om ulykka, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Utlending utan kompetanse

Statens vegvesen kontrollerte tysdag morgon eit utanlandsk vogntog på Halhjem ferjekai.

Føraren mangla yrkessjåførkompetanse-bevis og er meldt til politiet.

Hærverk i Strøno

Måndag fekk politiet melding om hærverk på postkassar i Strøno.

– Meldar sin postkasse var riven ned og posten låg utover plassen.

– Også fleire andre postkassar i nabolaget skal ha vore utsett for hærverk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.