Lokal | 04. mars 2019

Gut til Haukeland - kan ha blitt dopa ned på fest

Politi og ambulanse rykte ut etter ein privatfest i Os laurdag kveld.

Gut til Haukeland - kan ha blitt dopa ned på fest
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 04. mars 2019 09:30

Laurdag kveld fekk politiet melding om mistanke om ufrivillig dop-inntak på ein fest.

Ein gut i slutten av tenåra følte seg uvel, og skal ha blitt frakta til legevakt før turen gjekk vidare i ambulanse til akuttmottaket ved Haukeland universitetssjukehus.

– Vi rykte ut på saka, men guten blei overtatt av helsevesenet, seier politioverbetjent Sissel Becker.

Politiet kjenner ikkje tilstanden hans eller resultat av blodprøvane.

– Førebels er det ikkje oppretta sak, men om dette blir meldt vil vi gjera vidare undersøkingar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.