Gutelaget til topps!
Med heile 54-3 i målforskjell på 7 kampar var gutelaget til Os suverene i Varegg Cup.
Os stilte med tre gutar 16-lag i årets generalprøve før seriestart; Varegg Cup. Os 3 tok seg ikkje vidare til sluttspel, men det gjorde Os 2, som også vann 1/16-finalen 1-0 over Loddefjord. Men i 1/8-finalen var det slutt, der blei det 1-5-tap for Fyllingsdalen 2.
– Vi har oppunder 50 flinke og ivrige spelarar i gutegruppa til Os. Vi kan takka alle desse for gullet vi tok i helga, seier trenar Bjørn Mjelva.
Førstelaget gjekk nemleg heilt til topps.
12-0 og 18-0
Innleiande rundar gjekk så det kosta etter, 12-0 over Bønes 2 og 18-0 over Gneist.
– I kampen mot Gneist leia vi 10-0 til pause. Fem minutt ut i 2. omgang skifta eg plass på forsvarsrekka og angrepsrekka, likevel blei det 8 mål også i 2. omgang, seier Mjelva nøgd.
Samtlege av utespelarane til Os skåra mål i turneringa.
– Full kontroll heile vegen
I fjor enda det i kvartfinalen for gutelaget. Der tapte dei 1-2 for Nymark etter å ha, ifølgje Mjelva, dominert kampen, men tatt sigeren på forskot og hatt fokus på neste motstandar.
– I år tok vi kamp for kamp, det plar vera best, humrar Bjørn.
I 1/16-finalen blei det 8-1 over sambygdingane på Nore Neset/Søre Neset, 1/8-finalen vann Os 4-0 over Bønes 1.
Os 1 tok seg til finalen ved å slå Fyllingsdalen 3-0 og Austevoll 5-1.
– Vi hadde full kontroll heile vegen. Rett nok hadde vi ein glipp i finalen, og hamna under. Men Bjarte Halhjem utlikna på straffe før pause og Sander Kvittingen gav oss leiinga i 2. omgang.
– Vi burde ha skåra fleire i siste halvdel av finalen, men 2-1 fekk halda etter ei elles svært målrik turnering, seier Mjelva.