Hadde ikkje budsjett å presentera
Arbeiderpartiet fremjar ikkje eige budsjettforslag for 2015. – Fleirtalet i partiet vil det slik, fortel Lars Atle Skorpen.
Tradisjonen tru presenterte dei forskjellige konstellasjonane i kommunestyret sine budsjettframlegg i formannskapet tysdag. Både posisjonen med Frp/H og sentrumskoallisjonen med Krf/V/Sp/Tvs hadde lagt ned eit stykkje arbeid for å setta sitt preg på vedtaket som skal fattast 16. desember.
Då turen kom til nest største partiet i kommunestyret, Arbeiderpartiet, så meldte dei at dei ikkje hadde noko eiga framlegg å koma med.
– Vi har justert måten vi jobbar med budsjettet på. Vi tek i mot regjeringa sitt forslag i dag, så kjem vi med våre alternativ direkte i kommunestyret, meldte Lars Atle Skorpen.
Fråtek innbyggjarane innsyn
Ap sitt utspel om ikkje å leggja fram eit eige budsjett fekk dei politiske motstanderane rundt bordet til å reagera.
– Vi er ikkje i eit parlamentarisk system, sjølv om nokre kanskje opplever det slik.
– Vi har formannskapslova å halde oss til, kor det heiter at budsjettframlegga skal leggast ut til offentleg ettersyn minst 14 dagar før kommunestyremøtet.
– Når arbeiderpartiet ikkje vil leggja fram noko så fråtek de innbyggjarane retten til å meine noko om dykkar budsjett, meinte Terje Søviknes (Frp).
– Eg følgjer det Søviknes seier. Det er rett nok ein ting som kan forsvara Ap litt og det er at når vi ser Frp/H sitt framlegg, så ligg det ting der som vi andre ikkje har forutsetning til å vita noko om. Slik sett kan eg skjøna tanken bak Ap sit val om å koma med sitt framlegg i kommunestyret, kommenterte Jon Sivert Rykkel (V).
Støtta administrasjonen
Etter å ha høyrd Rykkel presentera sentrumskoallisjonen sitt framlegg, tok Skorpen oppatt tråden frå diskusjonen.
– Eg forstår at du er uroa for lovligheiten i det vi gjer, repliserte Skorpen til Søviknes.
– Når det er sagt så vil eg berre understreka at inntil du legg fram eit eige budsjettframlegg så støttar du det som ligg i bordet frå administrasjonen.
– Det er det vi no gjer, og det er det partiet har bedt meg om.
Kunne hatt gode ideear
Espen Aspenes (Frp) påpeika at kommunestyret opplevde noko av det same då budsjettet for 2014 skulle diskuterast.
– Då kom Sp med sitt framlegg direkte over talarstolen, noko som skapte frustrasjon i møtet.
– Eg er litt utrygg på om det same skjer no. Om det ikkje kjem eit felles gjennomarbeida budsjett på førehand, så fråtek de oss moglegheiten til ein demokratisk prosess, kommenterte Aspenes.
– I tillegg kunne det jo ha vore gode ting i Ap sitt budsjett som vi kunne tatt med oss og, supplerte Bjørn Matland (H).
– Eg har forståelse for alle desse kommentarane, men eit fleirtal hos oss har sagt at vi gjer det på denne måten, repliserte Skorpen og avslutta med det diskusjonen.