Fotball | 17. sep. 2012

Hadde ikkje nubbe-sjans

Tøft i toppen av 6. divisjon: Lysekloster 2 slo Nubben 17-0 (!), Nore Neset tapte viktig toppkamp mot Minde.

Hadde ikkje nubbe-sjans
Denne ballen gjekk ikkje inn, men det gjorde fire andre. Nore Neset tapte 4-0 for Minde. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 17. sep. 2012 14:27

Medan Søfteland, som ligg i 2. plass i 6. divisjon avdeling 4, hadde kampfri helg spelte Nore Neset og Lysekloster sitt andrelag, som kjempar om opprykk frå avdeling 1, kvar sine heimekampar laurdag.

Nore Neset tok imot serieleiar Minde, som dei slo 4-3 på bortebane i vår. Nore Neset var heldige som berre låg under 2-0 til pause og tapte til slutt 4-0.

Lysekloster 2 spelte mot Nubben og vann utrulege 17-0.

Spelte 10 mot 10

– Dei stilte med 10 mann og veksla mellom å ha 9 og 10 på banen. For å vera grei spelte vi med 10 mann, fortel Ørjan Sandal.

Likevel blei det klasseforskjell. Lysekloster 2 trilla ball og tømte fort Nubben for krefter.

Etter 7-0 til pause auka Lysekloster 2 til siger 17-0.

Målskårarar: Joakim Hovden 5, Preben Skorpen 3, Øyvind Olsen 3, Tommy Lloyd 2, Magnus Sandvåg, Lars Sperrevik, Torbjørn Birkelund og Mattias Høiland.

Toppkampar og lokaloppgjer

Lysekloster 2 leiar avdelinga, men ligg likt i poeng med Minde, som har éin kamp mindre spelt.

Nore Neset ligg på 5. plass og møter Viggo på 3. plass i neste runde, Lysekloster 2 møter Minde.

Etter denne runden, laurdag 29. september (kl 13), blir det derby mellom Lysekloster 2 og Nore Neset. Vårens lokaloppgjer, som gjekk på Nore Neset, enda 3-3.

Sjå tabell

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.