– Haddy valde Os
Programleiar for TV-aksjonen 2014, Haddy N'jie, valde Os som sin kommune under årets aksjon. – No skal vi visa fram det frivillige engasjementet i bygda, seier Tove Hille entusiastisk.
Søndag 19. oktober går årets TV-aksjon på NRK av stabelen, denne gong til inntekt for Kirkens Nødhjelp og deira aksjon for å skaffa varig reint vatn til ein million mennesker.
Torsdag fekk frivillig-general Tove Hille veta at NRK-programleiar Haddy N'jie ønska å ha Os som sin kommune i kommunekampen. Ho kjem til bygda for å laga reportasjer i forkant av aksjonen.
– Dei tre programleiarane (Jan Petter Saltvedt, Jenny Skavlan og eg) har valt oss kva vår kommune for denne TV-aksjonen.
– Det er kommunar som har stort potensiale, der vi veit det finnest eldsjeler som vi vil visa fram, og som kanskje tykkjer det er ekstra hyggeleg å bli sett, i og med at dei ikkje allereie toppar alle statistikkar.
– For kvart år prøver vi å bli flinkare til å visa fram hva TV-aksjonen verkelig er: ikke kjendisar, programleiarar eller TV-sending, men ein dugnad der folk hjelper folk.
– Kommunekampen er en viktig del av dette og vi følgjer opp våre kommunar gjennom heile sendinga. Som du skjøner, er det viktigaste ikkje sjølve konkurransen, men å mobilisera folk til dugnad, skapa noko å vera stolt av. (Når det er sagt: Os skal sjølvsagt vinna!!), skriv N'jie i ein e-post til Hille.
Vekkar dugnadsånda
Hille fortel at planlegginga av årets aksjon allereie har pågått ei stund, men at ønskje frå NRK om å bruka Os aktivt i årets aksjon inspirarar til litt ekstra innsats.
– No er det berre fantasien som set grensene. Folk er utruleg positive når eg spør.
– Saman skal vi visa at dugnadsinnsatsen står høgt i Osbygda, seier Hille.
Startar allereie i morgon
Frivilligsentralen sparkar i gang aksjonen allereie onsdag då dei arrangerer "Omplassering av ting og tang".
– Det er ein byttering vi har hatt gåande i lengre tid. Frå i morgon av er slagordet, ta det du vil og gje det du vil til reint vatn.
– Eg skal òg på "Trygg i Os" kor over 300 seniorar deltar. Temaet der er i år "Du er ein ressurs".
– I denne samanhengen er dei definitivt det. Ein start kan vera å gå med bøsser på aksjonsdagen..
Om andre har lyst til å gjera det same er det berre å ringe bøssetelefonen på 02025, så får Hille melding om at du har meldt deg. Aksjonen har fått namnet "Vann forandre alt".
Pengane går til vatnprosjekt i åtte land: Haiti, Afghanistan, Pakistan, Somalia, Sør-Sudan, Sudan, Etiopia og Tanzania. Dette er land Kirkens Nødhjelp allereie yt bistand i. Dei innsamla midla vil gå til å støtta lokalsamfunna med å bora brønner, installere håndpumper, lage system for oppsamling av regnvatn, avsalting av grunnvatn og andre tiltak som er mest effektive gitt dei lokale tilhøva.