Lokal | 23. juni 2009

Hærverk og narkobeslag

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 23. juni 2009 08:34

Torsdag kveld blei ein mann i 20-åra tatt med narkotika. Dagen etter blei to andre unge menn fengsla etter eit større pillebeslag.

- Mannen vi pågreip torsdag fekk sleppa fri etter avhøyr fredag. Dei vi tok fredag fekk sleppa fri etter avhøyr laurdag, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

Trusetrøbbel i kyrkja
I 3-tida natt til sundag fekk politiet melding om ein mann som gjekk rundt i Os sentrum i berre trusa. Mannen, som er tidleg i 20-åra, skal ha vore voldeleg og verka trugande.

- Då patruljen kom fram hadde han brote seg inn i kyrkja. Her hadde han gjort skadeverk på døypefont.

Kø, trafikkontroll og promillekjøring
I helga var det lang kø på Halhjemsvegen. Bilar på veg på ferja blei ståande til hinder for fastbuande som skulle kjøra av, på og langs vegen.

- Her ser det ut som om dei ikkje gjer ein god nok jobb med logostikken på ferjekaien. Med billettlukene så tett på rundkjøringa blir det kø, her må vegvesen og ferjeselskapa finna ein betre måte å gjera ting på, seier Sperrevik.

Natt til sundag var det trafikkontroll på Moberg. Alle dei 17 som blei stoppa hadde ting på stell.

Måndag kveld stoppa politiet ein mc-førar som hadde ingenting på stell. Motorsykkelen blir avskilta og føraren har ikkje lappen. I tillegg er han mistenkt for promillekjøring.

Brann, tilgrising og tjuveri frå bil
I går var det brann på eit kjøkken i Kuvågen. Dei som var heime sløkte brannen sjølv, med eit pulverapparat.

I helga har det vore tjuveri frå ein bil parkert i Vargavågen.

- I Lepsøykrysset har det vore tilgrising av skilt. Dette krysset er farleg nok som det er, om ikkje folk skal henga plakatar på stoppskiltet, seier politiet.

Det er lappar som viser veg til Øyane og Hargun sitt naust som ergrar politiet. Naustet skal brukast av mannskap på plattforma Deepsea Atlantic, som no ligg i Bjørnefjorden.

Hærverk på Kuventræ
Tysdag fekk politiet melding om hærverk på Kuventræ. Ein tjukkas som ligg utandørs, til verdi av 40.000-50.000 kroner, er skoren opp med kniv.

- I tillegg er det gjort skadeverk på leidningar til dei nye mastene, truleg til det nye lydanlegget. Det er tragisk at ikkje slikt får stå i fred, seier Sperrevik.

Tjuveriraid på veg?
På to veker er det stole rundt 40 påhengsmotorar i Nordhordland. No fryktar politiet tilsvarande raid i Os.

- Når det gjeld tjuveri av motorar frå 4 til 25 hestekrefter er det ofte slik at dei blir tatt i større aksjonar. Tidlegare har vi hatt slike raid, først i Fana og Os, så i Fusa og på Tysnes.

- Pass på båt og motor, og følg med kva som skjer rundt deg når du er i hamna. Små observasjonar kan vera til stor hjelp, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.