Lokal | 27. juli 2009

Hærverk og slåssing

Éin blei tatt i hasjrus, éin på stolen sykkel og minst fem var involvert i slåsskamp på Essoen.

Hærverk og slåssing
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 27. juli 2009 10:41

I tillegg til sakane under har politiet i helga tatt hand om slåssing, sykkeltjuveri og narkotikamisbruk. Dei har også fått melding om hund på vellukka andejakt.

- Fredag ettermiddag fekk vi først melding frå nokon som hadde mista hunden sin ut av syne, så fekk vi melding om ein som hadde ender som blei tatt av hund.

- Det viste seg å vera same hund det var snakk om, men dyreeigarane ordna opp seg i mellom, opplyser Kenneth Rastad frå Os lensmannskontor.

Rusa passasjer
Fredag kveld stoppa politiet ein bil. Den eine passasjeren blei mistenkt for å vera rusa på hasj.

- Vi tok vedkomande inn til avhøyr og han fekk ei bot, opplyser Rastad.

Tok mann som luska
Laurdag kveld fekk politiet melding om ein mann som luska rundt i hagar på Lurane og prøvde å ta med seg ting.

- Huseigar hadde hindra han i å stela, og meldte frå til oss. Først fann vi ikkje vedkomande, men etter nokre timar møtte vi han på sykkel.

Sykkelen var stolen, men blei levert tilbake der den blei tatt. Mannen er meldt for sykkeltjuveriet.

Tatt med etter slåssing
I 4-tida natt til sundag var minst fem personar involvert i slåssing utanfor Esso-stasjonen på Os.

- Vi såg ikkje sjølve slåssinga, så ingen er meldt av oss. Men vi tok med ein av dei hissigaste til overnatting i arresten. Førebels har ingen av partane meldt nokon etter episoden, seier Rastad.

Fyll og hærverk
Natt til laurdag var det svært lite folk ute i Os, natt til sundag var det rundt 300 på utestadane.

To personar blei tatt for drikking på offentleg stad. Ei av dei nye blomepyramidene i sentrum har blitt utsett for hærverk (bildet).






Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.