Lokal | 06. mars 2017
Hærverk på Hagavik Hjemmebakeri
Knuste rute med stein natt til søndag.
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 06. mars 2017 10:00
Søndag i 4-tida på natta fekk politiet melding om ruteknusing på Hagavik Hjemmebakeri.
– Ein patrulje rykte ut til staden. Det såg ikkje ut som om nokon har vore inne i bygningen, men ei rute er knust med stein, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Patruljen møtte ein gjen ungdomar i området. Dei var tydelege på at dei ikkje hadde hatt noko med ruteknusinga å gjera.
På spørsmål om dette var ungdomar som har lov å vera ute i 4-tida på natta, svarer politiet at dei er myndige.
Politiet er interessert i tips i saka.