Lokal | 28. des. 2012
Hærverk på Nore Neset
Pøblane har ikkje tatt juleferie.
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 28. des. 2012 10:20
Torsdag blei det meldt frå om hærverk på Nore Neset skule.
– Ei rute i inngangsdøra til skulen er knust, fortel politibetjent Kjartan Snorrason.
– Men det er ikkje teikn til at nokon har vore inne i skulen, så det er nok ikkje snakk om innbrot, legg han til.
Politiet har vore på staden, og seier det ikkje er ferske spor i snøen som kom natt til i går.
– Dette kan ha skjedd for ei lita stund sidan, men vi er uansett interessert i tips, seier Snorrason.