Kultur | 09. mars 2017

Hagelien med si siste separatutstilling

Når Henriette Hagelien opner utstillinga på Vedholmen Galleri laurdag er det siste gong ho stiller ut aleine.

Hagelien med si siste separatutstilling
Henriette Hagelien opnar si siste separatutstilling på Vedholmen Galleri laurdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 09. mars 2017 14:50

Henriette Hagelien er fødd og busatt i Bergen, men har tilbrakt store delar av barndommen på familien sitt landsted i Søre Øyane. Difor var det heilt naturleg å velgja Vedholmen Galleri når ho skulle ha sin siste separatutstilling.

– Eg kjem nok framleis til å vera med på utstillinger, men dette er siste gang eg stiller ut aleine. Eg byrjer å bli ei vaksen damen, ler Hagelien i det ho er i ferd med å henga opp det siste av bileta på galleriet i Øyane.

Inspirert av norsk og fransk natur

Kunstnaren bur i delar av året i Provance i Frankrike, kor ho òg hentar mykje av inspirasjonen til dei abstrakte maleria frå.

– Det er noko med lyset der nede. Det er heilt spesielt. Samstundes har vi jo ein fantastisk flott natur her i Noreg òg, så inspirasjonen henter eg nok litt frå begge stader.

Sterke farger

I bileta hennar finn ein dei sterke klare fargene, som ein òg finn i naturen, til dømes ein vakker vårdag i full blomst.

– Eg er veldig glad i sterke og klare farger og dei grove strøka med palettkniven. Eg maler nesten berre med den, og bruker sjelden pensel.

– I tillegg liker eg å bruke oljemaling. Eg liker den gammeldagse lukten og moglegheiten det gir til å endra på bilete undervegs. Du veit det tek tre veker før maleriet blir tørt. Måten eg malar på gjer at det blir ganske tjukke lag, forklarar Hagelien og viser.

Henriette Hagelien er fødd i Bergen i 1943 og har sitt atelier på Nordås. Ho studerte i 1970-71 i Aix-en-Provence før ho kom heim til Bergen og blei elev av Lise Landmark von Krogh. Si første separatutstilling hadde ho i Galleri Liv i Oslo i 1985. Ho har også tidlegare hatt separatutstillingar på Vedholmen Galleri, sist i 2015.

Til utstillingsopninga laurdag får ho musikalsk følgje frå to av elevane ved Kongshaugen Musikkgymnas.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.