Haisommar i Os
Er du rask kan du få deg ein fersk filet av den delikate, men totalfreda haiarten håbrann.
Håbrann blir normalt 3 meter lang og 200 kilo tung. Den kan angripa dykkarar med fangst, men er elles både fredeleg og raudlista som totalfreda.
Likevel ligg det ein temmeleg daud versjon av arten i ein ferskvaredisk i Os.
– Vi fekk tilbod om fiske i går og tenkte "go for it!". Det er første gong vi har hai i disken vår, fortel Benedicte Sandtorv hos Meny i Industrivegen.
Delikatesse med hastverk
Håbrannen sitt kjøtt er kjent for å vera velsmakande, og kan minna om kalvekjøtt.
– Men har ikkje haikjøtt lett for å få transmak?
– Jau. Derfor er det viktig at den blir liggande kaldt og at den blir eten ein av dei første dagane, seier Sandtorv.
Haien, som var 28 kilo ferdig sløydd, blei fiska som bifangst utanfor Andøya måndag.
– Derfor har vi berre i dag og i morgon å selja kjøttet på.
Unge Hitland likte haien
Midtsiden fekk ein smak og kjøttet minna litt om breiflabb, fin konsistens og mild smak.
Også Tor Arne Hitland Hitland tok seg ein smakebete til seg og sonen Maximillian (1,5 år).
– Den var godkjent, konstaterte Tor Arne etter å ha sett sonen gomla i seg haien med eit smil.
Ekstern lenkje: Om håbrann på Wikpedia