Her headar Håkon Kvittingen inn 3-0 før pause. (Foto: KVB)

Håkon fekk hol på byllen

Både Søfteland, Nore Neset og Os 2 ligg i toppen. For Os 2 var det eit langskot av Kvittingen som måtte til før det lausna.

image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Søfteland, som berre har eitt tap og to uavgjorte på 14 kampar, toppar avdeling 1 i 6. divisjon med 5 poeng framfor Fri etter 3-0 borte mot Myrdal i går.

Nore Neset toppar avdeling 3 med 6 poeng meir enn Inter Bergen, og vann 7-1 borte over BI søndag. Samtidig ligg Nore Neset 2 på 2. plass og kvalikplass 6 poeng bak Bjarg 3 i 7. divisjon.

Os 2 ligg også an til opprykk og held på 2. plassen i 5. divisjon etter heimesiger over Erdal søndag.

Os 2 - Erdal 5-0 (3-0)
Målskårarar: Håkon Kvittingen 2, Egil Thuen, Erik Skorpen og Mats Lepsøe.

– Det var ikkje så mykje motstand i går, og heller ingen fantastisk kamp av oss. Men samtidig er det litt vanskeleg å skåra når dei legg seg så lågt som Edal gjorde, seier Os 2-trenar Odd Jarle Hjelle.

Os pressa på og fekk lausna fleire skot, men det gjekk stort sett rett på keeper eller rett utanfor. Heilt til Håkon Kvittingen fyrte av frå rundt 30 meter, ikkje så hardt, men lågt og godt plassert mellom mange spelarar.

– Eg trur han var overraska sjølv då ballen gjekk inn, ler Odd Jarle.

Egil Thuen auka til 2-0 og la inn til ei flott stupheading av Håkon til 3-0 før pause.

Innbytar Erik Skorpen sette inn 4-0 mens kaptein Mats Lepsøe skåra kampens siste mål.

Drama på Dale?

Os 2 har Dale og Norheimsund 2 og 4 poeng bak seg, men Dale med éin kamp meir spelt.

Dale er også neste motstandar - på bortebane.

 

 

Fleire saker