Lokal | 01. juni 2018

Halvparten av mopedane var for raske

Statens vegvesen med to omfattande kontrollar i Os.

Halvparten av mopedane var for raske
Vegvesenet hadde kontroll både på Byvegen og ved Vognhallen i Os sentrum tysdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 01. juni 2018 10:31

Tysdag gjennomførte Statens vegvesen to kontrollar i Os, først på Byvegen ved kryss til Idrettsvegen, så ved Vognhallen.

I løpet av 5,5 timar frå klokka 11 til 16.30 var 1220 køyretøy kontrollert, 57 av desse blei vinka inn.

– Det blei mange bilbeltegebyr, heile 15 stykker. I tillegg blei ein person meldt for manglande sikring av barn under 15 år, skriv leiar for kontrollen, Mikael Weisz Breistein, i rapporten frå dagen i Os.

Det blei òg stoppa ein bil med piggdekk, trass i at temperaturen var over 25 gradar.

Raske mopedar

Vegvesenet hadde med seg ein ungdomsskuleelev som jobbskygge, i tillegg var to juristar på besøk, så dei får sjå korleis det blir jobba ute i felten.

Utstyr til test av fart på moped var òg med.

– Vi sjekka åtte mopedar for trimming og modifisering. Rulleprøve viste at halvparten av mopedane vi sjekka har høgare maksfart enn kva som er lovleg.

Dei fekk kontrollseddel og må inn og visa mopeden når den er justert ned igjen til lovleg toppfart.

«I de fleste land er mopeden et typisk bykjøretøy og uten krav til førerkort eller opplæring. Dette er nok grunnen til at EU har bestemt at den ikke skal gå fortere enn 45 km/t», skriv Trygg Trafikk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.