Lokal | 23. sep. 2009
Hamna i hekken
Ein bil på veg ned Mobergsbakken kryssa motsett kjørefelt før den hamna i ein hekk.


Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 23. sep. 2009 14:30
Onsdag i 14-tida kjørte ein bil utfor vegen på Moberg.
- Heldigvis kom det ikkje bil imot då den kryssa vegen, seier politibetjent Thomas Juulseth til Midtsiden.no.
Det var fleire passasjerar i bilen, men verken dei eller den mannlege føraren blei skadd. Det er heller ikkje mistanke om promillekjøring.
Trafikken gjekk fint forbi fram til politi og redningsbil kom på plass for å få bilen ut av hekken og vekk frå staden.