Lokal | 07. apr. 2014

Hamna på jordet

Ingen blei skadd, men søndagen gjekk med til redningsforsøk med traktor.

Hamna på jordet
Ein bil hamna utfor vegen på Søre Neset laurdag kveld. Søndag blei det gjort fleire forsøk på å slepa den opp igjen med traktor. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 07. apr. 2014 07:31

Ein bil hamna utfor vegen og i skråninga ned mot eit jorde på Søre Neset i helga.

– Bilen kjørte utfor søndag kveld. I dag er det gjort fleire forsøk på å slepa den opp igjen med traktor, fortel ein Midtsiden-lesar.

Politiet kjenner ikkje til utforkjøringa, som truleg var utan personskade.

– Roleg helg

Fredag og natt til laurdag fekk politiet melding om festbråk og fann sovande mann i sentrum og stoppa ei kvinne mistenkt for promillekjøring.

– Laurdag og natt til søndag var roleg. Vi fekk nokre meldingar om støy frå fest, men festane var over då vi kom fram, opplyser politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Store delar av søndagen gjekk med til ein leiteaksjon.

Søndag kveld i 23-tida fekk politiet melding om opne flammar frå ei tønne bak ein garasje nær Os sentrum. Brannvesenet blei varsla.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.