Hamna utfor muren
Ein mann er henta med luftambulanse etter å ha hamna utfor plattingen på Oseana.
![Hamna utfor muren](https://cdn.sanity.io/images/ahcmq7tx/production/7e91aa49199f79eed8e0b5d18a8f547e6c61fbed-1140x760.jpg?q=85&fit=max&auto=format&w=1600&width=1600)
![Kjetil Vasby Bruarøy](https://cdn.sanity.io/images/ahcmq7tx/production/d394ce3033ee74f1b7563efe62438c9efc71d8ce-1140x760.jpg?rect=490%2C160%2C564%2C387&q=75&fit=max&auto=format&w=1600&width=1600)
Fredag i 23.30-tida rykte ambulanse og politi ut på melding om ulykke på Oseana.
Ifølgje ein Midtsiden-tipsar har ein mann ramla utfor muren ved platået utanfor inngangen til Oseana.
– Det stemmer at ein mann har ramla utfor ein mur, stadfestar politibetjent Sindre Hallem.
Henta med luftambulanse
Mannen blei frakta med sjukebil til Kyrkjeflaten der luftambulansen overtok behandlinga.
– Var mannen bevisst då de kom fram?
– Vi kom om lag samtidig med ambulansen og heldt oss unna så dei fekk jobba i fred.
– Eg veit ikkje om han var bevisst og det er for tidleg å seia noko om tilstanden hans, seier Hallem.
Det har vore konsert med Hellbillies i Oseana i kveld. Restaurant Færingen er stengt etter ulykka.
Blei nekta inngang
Midtsiden-journalist Andris Hamre er på staden.
– Han skal ha vore full og blei nekta inngang. Det er uvisst korleis han hamna utfor muren, men på eit eller anna vis landa han på asfalten cirka der moloen startar.
Ein ven av han som hamna i asfalten fortel at han snakka med kameraten kort tid før ulykka.
– Han sat i trappa der plattingen startar og følte seg dårleg. Eg snudde ryggen til han ei kort stund og då eg skulle sjå om han igjen så var han vekke.
Mannen som ramla skal vera i starten av 20-åra.