Lokal | 11. jan. 2012

Hamnesjefen er forgifta

Hamnesjefen treng meir pleie etter at dei siste prøvene viser blyforgiftning. No får han kommunal sjukeordning.

Hamnesjefen er forgifta
Hamnesjefen (bak til høgre) er blyforgifta etter å ha beita i og rundt Oselvo (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamreonsdag 11. jan. 2012 14:54

Midtsiden skreiv tidligare onsdag om at sjefssvana i Oselvo er på betringens veg etter eit par dagar med behandling hjå Osøyro Dyreklinikk. No viser det seg at han i tillegg til å ha ein luftvegsinfeksjon og feilernæring også er blyforgifta.

- Vi fekk nett inn svara på dei siste blodprøvene.

- Dei viser at han også har ei byforgiftning, seier veterinær Eva Kristin Lunde.

Uviss årsak

Årsaka til at "Hamnesjefen" har fått denne forgiftninga er ho usikker på.

- Det kan stamme frå blylodd frå fiskereidskaper nytta i elva og andre områder han har beita og at han på den måten har fått blyet i seg.

- Vi ser også to små svarte prikkar på røntgentbilete vi har tatt av han, men eg tykkjer desse er for små til at det kan vera blyhagl, forklarar Lunde.

Dyr medisin

Dyreklinikken har ventar no på at apoteket skal få inn medisinen dei treng for å behandle forgiftninga.

- Eg håpar han går inn under ei eller anna kommunal sjukeordning, for det byrjar å bli eindel utgifter på å behandla han, seier Lunde.

Berre den siste medisinen kostar aleine 1500 kroner.

For Lunde har det ikkje vore eit alternativ å ikkje gje svana den naudsynte behandlinga.

- Han er jo blitt eit symbol og eit kjært innslag for mange i bygda. Eg håpar kommunen ser det på same måte og vil vera med på å ta rekninga, avsluttar veterinær Eva Kristin Lunde.

Kommunen stiller

Når Midtsiden ringer ordførar Terje Søviknes (Frp) for å høre korleis kommunen stiller seg er han ikkje i tvil.

- Slik saka har utvikla seg er det klart vi skal få til ei kommunal sjukeordning innan rimelege grenser. Eit par tusen kroner skal vi klara å finna.

- Om han skal få eige ansattnummer i personalsystemet vårt får vi sjå på. Det må eg nesten ta med personalavdelinga. Det viktigaste no er at han blir frisk, seier ordfører Terje Søviknes.

Søviknes blir litt uroa når han hører at "Hamnesjefen" også har fått blyforgiftning.

- Eg håpar det ikkje er snakk om ei generell forureining, men "berre" det at han har fått i seg bly for eit søkke eller tilsvarande, avsluttar Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.