Lokal | 10. juli 2012

Hamnesjefen - ikkje på ferie

Etter fjorårets blyforgifting og krok i nebbet, er hamnesjefen tilbake i god gammal form – fellesferien er i gong og svanefar er på plass.

Hamnesjefen - ikkje på ferie
Mie, Teo og Ole frå Åsane fekk besøk frå Hamnesjefen (foto: Karen Richardsen Moberg)
Karen Richardsen Mobergtysdag 10. juli 2012 09:09

Den velkjende svanen som passar på at båtfolket i Os oppfører seg, ser ikkje ut til å bli sløv av sommarvarmen. Jannicke, Jo Terje, Ole, Teo og Mie frå Åsane kan nemleg fortella at Svanefar har vore flittig på besøk medan dei har lagt til kai ved gjestebrygga i Os sentrum.

Skrekkblanda fryd

Laurdag då ungane var ute med gummibåten, kom svanefar flygande. For å unngå den iltre fuglen hadde ikkje ungane anna val enn å gå i land, og heller gå tilbake til båten. Ole og Teo kunne fortelja at dei blei litt skremde.

- Det blir ein slags skrekkblanda fryd når ein må følgje med på hamnesjefen, og nesten blir redd for å gå ut med båten, seier Jannicke, mor til Ole, Teo og Mie.

Os best så langt

For familien på fem er dette første gongen dei har vore på båttur til Os. Før dei kom til Os på laurdag, har dei vore på Askøy. Måndag gjekk turen vidare til Austevoll.

- Os er den beste plassen så langt på turen, sjølv om svanene er plagsame, seier Ole.

På den korte tida hadde dei nådd å få med seg mykje av det som Os har å by på; blant anna bading, bowling, pizza, og til og med kappgang.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.