Kultur | 01. aug. 2016

Han skal halda deg trygg under Osfest

I fjor sendte han to vaktar «på gøy» for å passa publikum rundt Marcus og Martinus på Tysnesfest, i år må det større mannskap til.

Han skal halda deg trygg under Osfest
Vaktsjef Bjarte Erstad frå Tysnes, her på Ulven, der det er festivalparkering under Osfest laurdag på dagtid. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 01. aug. 2016 20:00

Torsdag startar Osfest, laurdag kjem det truleg til å vera 1000-2000 fleire framfor hovudscenen klokka 13 enn klokka 23.

– Det blir hektisk. Eg har hatt vakthaldet for Marcus og Martinus før, men det har skjedd mykje det siste trekvart året, seier Bjarte Erstad.

Han er leiar for Pro Sec AS si avdeling på Vestlandet og overtok i fjor som vaktsjef for Osfest. Han har òg vore med å arrangera Tysnesfest frå start.

Tysnesfest, som har spandert artistar som Erik og Kriss og Stella Mwangi på publikum på ferjekaien på dagtid, hadde dei populære tvillingane Marcus og Martinus på plakaten i fjor.

– Eg sendte ned to vaktar berre for å vera sikker, men det var passeleg med folk og alt gjekk fint. No er det venta 5000 og vi må ha ein heilt annan mannskap.

I juni måtte Liseberg stenga dørene grunna kaos i publikum under M & M-konserten, i juli blei ein planlagt konsert i Malmø med dei populære norske tvillingane avlyst då området ikkje var praktisk å sperra så det blei trygt nok.

Dette kan du gløyma å ta med deg inn

Saman med politiet, dei innleigde profesjonelle vaktane og dei frivillige er det denne veka to kveldar med møte for briefing av heile vaktmannskapen.

– Det handlar både om det som skjer på utsida og innsida av gjerdet, at ikkje det er fare for at nokon blir pressa saman og at ingen tar farlege ting med seg inn.

– Kva er ikkje lov å ta med inn på konsertområdet?

– Flasker og anna som kan kastast, selfiestang og paraply er typiske ting som folk må legga igjen på utsida.

– Heldigvis er ungar flinke til å lytta og til å visa respekt, ofte er dei meir forståelsesfulle enn vaksne, både på kveldstid og på dagtid.

Nytt i år er kameraovervaking av festivalområdet.

– Vi har ein som sit og følgjer med og kan varsla oss, og vi tar opptak i tilfelle vi i etterkant treng å veta kva som har skjedd i ein eller annan situasjon.

Når ein amatør er vakt

Pro Sec har ikkje vakthald ved utestadar, men har spesialisert seg på festivalar. Der har dei med seg vektarar frå samarbeidsfirma Nokas saman med frivillige frå dei ulike organisasjonane som arrangerer festivalane.

– Kva har du fokus på når desse skal drillast før dei skal på oppdrag?

– Det er heldigvis langt mellom kvar episode med fysisk konflikt mellom gjestar og vaktar, men det er gjerne lett for å føla at du bør gripa inn fysisk når du har takka ja til å vera vakt og har fått refleksvesten på.

– Men sånn er det ikkje. Vi snakkar blant anna om konflikthandtering og eigen tryggleik. Ein viktig hugseregel er å ikkje gå inn i noko som du ikkje er sikker på om du kjem greit ut av.

– Vi har profesjonelle vaktar på staden som har erfaring med å snakka med folk som av ulike grunner bør få seg ein luftetur utanfor området, og vi har godt samarbeid med politiet, som har makt til å gje folk pålegg om å fjerna seg, om det er naudsynt.

Kor skal bilane stå?

Med 5000 publikummarar kan det koma 1500-2000 bilar til Os laurdag formiddag. Området opnar klokka 11, konserten startar klokka 13.

– Vi håper flest mogleg kjem med buss, men klarer ikkje å unngå at det kjem mange bilar til Os, seier Erstad.

Osfest-arrangørane har fått avtale med Ulven leir om bruk av området vis a vis leirporten til parkering. Det går bussar i skytteltrafikk mellom Ulven og Os sentrum.

Det blir òg parkering på den nedlagte Lyssandfabrikken, som arrangørane håper folk frå Hegglandsdalen og dei som kjem med ferje frå Venjaneset vil bruka, men dei som parkerer der må gå til sentrum.

Eit godt eigna område

Erstad er glad for at det har gått fint føre seg både på Osfest og Tysnesfest og ser fram til langhelga i Os.

– Festivalområdet til Osfest er godt eigna på fleire måtar. Dei som står i døra har godt utsikt mot publikum på veg til porten og får rikeleg med tid til å sjå både ganglaget og formen an på gjestane som kjem frå vorspiel og vil inn. Dette med skjenking prøver vi å vera nøye på og vi har visse ting vi ser etter når folk skal inn.

– Like viktig blir patrulje inne på plassen for å sjå at alle er i fin form og har det bra etter å ha vore inne ei stund, seier vaktsjef Bjarte Erstad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.