Lokal | 07. des. 2012

– Han søv godt!

Bilførar blei trøtt, la seg til å sova med bilen på tomgang. Då kom politiet.

– Han søv godt!
Karen blei trøytt og la seg til å sova i baksetet med bilen på tomgang ved Vallebrua (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 07. des. 2012 09:31

Ein bilførar følgde fredag morgon vegvesenet si oppfordring om å ta seg ei pause om ein blir sliten og trøytt når ein er ute og køyrer.

- Vi fekk melding om at ein bil var hensatt på tomgang ved Vallebrua.

- Den skal ha stått der i eit par timer, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

Då patrulja kom til staden fann dei ein mann sovande i baksetet.

- Han hadde vore ute og køyrd og blei sliten og trengde å roa ned, så han la seg til å sova.

- Han blei rutinemessa testa i høve til alkohol, men alt var i orden, seier politioverbetjenten.

Hadde punktert

Torsdag ettermiddag fekk politiet melding om ein anna hensatt bil. Då ved fotgjengarfeltet ved Rema Kuven.

- Det viste seg at bilen hadde punktert.

- Bilen blei skubba ut av vegen og bilførar skulle få fiksa hjulet, avsluttar Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.