– Han var heilt naken
Politiet: Bålbrenning i skog, skadeverk og ein mann med eit noko luftig antrekk er nokre av oppdraga politiet har vore ute på siste døgnet.
Då politipatruljen køyrde forbi Tømmernes på Søfteland blei dei oppmerksame på ein brann i skogen.
– Det viste seg å vera ein mann som brente noko trevirke, fortel politibetjent Christine Grindstein.
Det er generelt forbod mot å brenne bål i skog og mark frå 15. april til 15. september.
– Brannen var kontrollert, men vi gav personen eit pålegg for å ha brutt forbodet.
Naken mann
Klokka 18.45 fekk politiet inn ei melding om skadeverk på eit postkassestativ og post som var kasta rundt på staden.
– Vi kom til staden litt seinare på kvelden, men det var ikkje noko spor etter den som har gjort ugjerninga.
På Søfteland gjekk ein brisen mann noko vel lettkledd på laurdagskvelden.
– Mannen var heilt naken og vi gav han eit pålegg om å gå heim å få på seg klær, seier Grindstein.
Ope dør på Osbadet
Det blei ingen reaksjonar då politiet hadde trafikkontroll ved busstoppet ved Uno X i retning Os i 02.20- tida.
– Vi hadde inne ein bilførar som tok litt tid før vi fekk sjekka han ut, men han fekk etterkvart køyra vidare.
I 04- tida kom det inn ei melding om ei dør som stod open på Osbadet.
– Det viste seg å vera personar der, men dei var der i samband med eit arrangement som var i bygget, så det var ikkje noko innbrot.
Melding om ein bil med høg fart på Halhjemsvegen endte i eit muntleg pålegg til bilførar i forhold til køyreadferden hans.