Sport | 19. okt. 2014

– Handball er kjempegøy!

I.L Øyglimt er ikkje lenger ei rein fotballgruppe. Frå og med i haust har dei starta opp ei eigen handballgruppe og det første laget er allereie godt i gang.

– Handball er kjempegøy!
Maj-Linn Hagevik Vedholm (til høgre) saman med det aller første handball-laget i I.L Øyglimt. Mariann Loeshagen (til venstre) er med som trenarassistent.
Kari M. Lyssandsundag 19. okt. 2014 11:11

I haust utvida I.L Øyglimt tilbodet sitt for skuleborn til å ikkje berre gjelda fotball, og kvar onsdag samlast no Søre Øyane sitt første handball-lag for trening.

– Dei synest det er kjempekjekt, seier styreleiar i handballgruppa Maj-Linn Hagevik Vedholm som, saman med Kristian Bruarøy, er initiativtakar til gruppa.

Ideen starta då dei såg kor store skuleklassar det var blitt i Øyane og kor stor interessa var for fotballtilbodet ungane hadde i krinsen.

– Vi tenkte at det måtte vera mogleg å driva ei handballgruppe her og, og det hadde vore kjekt å få noko meir enn berre fotball.

– Og sidan sesongen på fotball og handball overlappar kvarandre så kan ein jo vera med på begge deler.

Tidlegare har det næraste handballtilbodet vore på Nore Neset, men Maj-Linn fortel at det ikkje har vore så mange som har reist inn.

– Vi trur at fleire vil bli med når dei får tilbodet i nærleiken og dei kan gå eller sykle til trening.

Håpar på fleire lag

Saman med Bruarøy starta ho opp eit prøveprosjekt i fjor for å sjå om det var interesse blant ungane. Begge hadde jenter i 1. klasse og dei inviterte jentene til å bli med å spele handball i gymsalen, berre på gøy.

– Av ti jenter var åtte med, og etter at dei starta i 2. klasse har dei spurt fleire gongar kortid treninga starta opp igjen så det var tydeleg at dei syntest det var gøy.

– Vi ser at kulla som kjem her ute blir store så det skal vera gode moglegheitar for fleire lag.

– Og no når vi har fått ei eiga gruppe så skal det vera lett for andre som ønskjer å starta opp.

– Vi håpar og at det å få ei lokal gruppe kan vera med å hjelpa kretsen å rekrutera fleire guttelag.

Gruppa i Øyglimt kan ha lag med born opp til 10 år, og sjølv om dei ikkje kan spela kampar på eigen heimebane er dei med på kamphelgene som arrangerast.

Første kamp i Øyglimt-drakt

Maj-Linn har vore i møte med dei andre handballgruppene i Os og fortel at tilbakemeldingane på den nyaste gruppa har vore veldig positive.

– Dei er veldig glad for at vi får fleire med og at vi startar opp lokalt.

Laurdag spela I.L Øyglimt sine to første handballkampar på Kalandseid, og jentene gleda seg veldig til debuten.

– Dei hadde det kjempekjekt og skåra masse mål så då var dei ekstra nøgd, fortel ein stolt trenar.

No håpar Maj-Linn at mange vil starte opp etter dei og at det blir mange jente- og guttelag i Øyglimt.

– Handball er jo kjempegøy!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.