Kultur | 28. juni 2015

Hannah og Stine vann EM-gull

Bergen Storm Cheerleaders vann EM i cheerleading. To av dei fire på seniorlaget er frå Os.

Hannah og Stine vann EM-gull
Stine og Hannah, her i Oseana med Gneist Stingers i 2013, har vore med på å vinna EM-gull med Bergen Storm i helga. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 28. juni 2015 16:25

I helga blir europameisterskapen i cheerleading arrangert i Slovenia.

Bergen Storm Cheerleading, som i vår vann NM, deltar for første gong, og tok i går gull i «Coed Group Stunt», ein klasse med mix av menn og kvinner.

- Det var heilt utruleg. Eg trudde nesten ikkje at det skjedde. Det er første gong vi nokosinne er med i EM, og så vinner seniorlaget gull. Det er heilt sjukt, seier trenar Karoline Horgen til BT.no.

Halve laget frå Os

Laget består av Niks Kronbergs (17), Anna Fuglseth (15) og og osingane Hannah Roman (16) og Stine Bråten Johannessen (17).

Hannah og Stine såg vi også på scenen i Oseana då Norske Talenter i 2013 hadde audition i Os, då med cheerleading-gruppa Gneist Stingers.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.