Kultur | 08. mars 2017

Hanne Catrine nominert til filmpris

Nyutdanna skodespelar Hanne Catrine Andersen kan vinna prisen «Mest skremmande rolle» for debuten.

Hanne Catrine nominert til filmpris
Hanne Catrine blei skremt av seg sjølv då ho, etter sminking, skulle ein tur på toalettet. (Foto: KVB/filmplakat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 08. mars 2017 14:18

Bildeserie:

Regissør Özlem Altıngöz og Hanne Andersen på premieren i januar i år.
Regissør Özlem Altıngöz og Hanne Andersen på premieren i januar i år.
Filmplakaten.
Filmplakaten.
1 av 2
Regissør Özlem Altıngöz og Hanne Andersen på premieren i januar i år.
Filmplakaten.

Hanne Catrine Andersen frå Er-An Veikro-familien frå Vinnes var i fjor tilbake i USA og jobba etter at ho i 2015 studerte ved New York Film Acadamy i Los Angeles.

• Les òg: På heiltid i Hollywood

Ein av dei fire kortfilmane ho har spelt i er no klar, og i natt fekk ho ei gledeleg melding frå regissøren; du er nominert til ein pris!

– Då vi var i USA på ferie i januar så fekk vi med oss premieren. Det var kjekt å sjå den ferdige filmen, og veldig stas å få nominasjonen, seier Hanne Catrine til Midtsiden.

Det er 13horror.com som har nominert Hanne i kategorien «best horror baddy» (beste skumle karakter i skrekkfilm), dein einaste nominasjonen filmen «Daughter of the Lake» har fått.

Eit stykke nede på denne sida, i samband med ein annan festival, kan du sjå heile den 15 minutt lange «Daughter of the Lake».

Blei skremt av seg sjølv

Özlem Altıngöz frå Tyrkia, som gjekk på filmskaparlinja på same skule som Andersen, har regien på filmen.

– Ho brukte ein del ressursar på kortfilmen, det er eit av dei større prosjekta eg har vore med på. Det var stuntmenn og redningspersonell på settet, og eg hadde min eigen trailer og følte meg litt som ei stjerne, seier Hanne og ler.

Innspelinga var i haust, i og ved ei gamal hytte ved ein innsjø i Los Angeles. Då Hanne var sminka skulle ho på toalettet, eit provisorisk campingtoalett, og då ho såg seg sjølv i speglet blei ho redd seg sjølv.

– Eg skreik til! Med svarte linser og svart parykk kjente eg ikkje meg sjølv igjen!

På filmfestival i Florida

Hanne Catrine har spelt i tre andre filmar mens ho har vore i USA.

– Ein av dei andre filmane er tatt inn på ein filmfestival i Florida. Det er mogleg at eg og nokre av dei andre skodespelarane reiser bortover under festivalen.

Festivalen er i august.

The Chase er snart ferdig

Då Hanne kom heim frå filmskulen før jul 2015 var ho saman med ei klassevenninne, som var fascinert av Vestlandet, rask med å starta innspelinga av ein pilot til ein TV-serie.

• Les òg: Vil laga TV-serie

Innspelinga var i Os, med mange lokale amatørskodespelarar og statistar.

– Det blei for tidkrevjande å prøva å få laga ein heil TV-serie då vi likevel skulle tilbake til USA, så vi gjorde den om til ein kortfilm.

– «The Chase» er ferdig på klippebordet, no gjenstår berre litt lydmiksing. Filmen får lokal premiere, lover Hanne Catrine, utan å seia noko om dato.

Unge Andersen held for tida òg på med eit større prosjekt, her i Noreg, som ho førebels ikkje kan fortelja meir om.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.