Lokal | 31. juli 2015

Håper på ei triveleg helg

Politiet førebur seg til Osfest. – Berre folk har normalt god oppførsel så skal vi saman få dette til å bli ei fin helg, seier Audun Hadler-Olsen.

Håper på ei triveleg helg
Konstituert lensmann Audun Hadler-Olsen ser fram til festivalhelga (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 31. juli 2015 06:39

Det er venta minst eit par tusen til Os sentrum fredag og lørdag ettermiddag og kveld. Også politiet kjem til å vera godt synlege på og rundt festivalen.

– Vi har satt på ekstra mannskap som vil vera tilstades på festivalområdet. I tillegg kjem den ordinære patrulja, politibåten og UP med fleire patruljer, fortel konstituert lensmann Audun Hadler-Olsen.

Normalt god oppførsel

Hadler-Olsen har inntrykk av at arrangørane har gjort ein god jobb og tenkt gjennom det meste i førebuingane til festivalen.

– VI skal vera med å gjera vårt til at dette blir eit fint arrangement, men då er vi òg avhengige av publikum.

– Om dei har ein normalt fin oppførsel, så skal nok det gå bra. Vi kjem til å reagera på dei same tinga som vi gjer ellers.

– Eg vil be publikum rette seg etter dei pålegga som blir gitt av våre mannskaper. Vi har ikkje tid til å så å diskutera med fulle menneskjer, påpeiker lensmannen, som òg oppmodar publikum om å la bilen stå heime om mogleg.

– Det kan bli ei utfordring i høve til parkering i sentrum, så har ein moglegheit så ber vi folk la bilen stå heime, avsluttar Hadler-Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.