Håper på endå fleire
Deltakinga i Mobergsdilten har auka frå år til år frå den starta i 2009. - Vi håper å passera rekorden frå i fjor, seier arrangøren.
Då Mobergsdilten starta for første gong i 2009 stilte 14-15 deltakarar til start. I fjor deltok 60. No håpar Os Turn Friidrett på at enno fleire blir med på bakkeløpet frå Kuvågen og opp Mobergslio.
Sjå óg: Dobla dilting og nye rekordar(med video frå fjorårets målgang)
- I år som i fjor er det to løyper.
- Ein på to kilometer frå Kuvågen og opp og ein på éin kilometer som startar omlag der løypa kryssar Halhjemsvegen, fortel nestleiar i friidretten Audun Herrevold.
For alle aldrar
Bakkeløpet er ope for alle som har lyst til å kjenne litt på motbakken opp Lio.
- Den yngste som har vore med dei tre åra vi har helde på er 3 år, så det er berre å stille opp.
Påmelding kan ein gjera ved startområdet i Kuvågen eller ved å senda ein e-post til Lillian Bøhmer på førehand.
- Påmeldingsavgifta er 50 kroner. Alle under 10 år får premie. I dei andre klassane blir det premiering til 1/3-del av dei startane, fortel Herrevold.
Utfordrar dei andre idrettane
Ei motbakkeøkt kan væra eit godt alternativ til den vanlege treninga.
- Eg vil jo spesielt utfordre dei andre greinene i Os Turn, og andre idrettslag, til å leggje treninga til Mobergslia 6. juni.
- Ta det som ei ekstra treningsøkt og lag ei konkurranse innad i laget, oppfordrar Herrevold.