Kultur | 03. nov. 2010

Håper på matkrig

Ungdomslaget i Øyane slår på stortromma til årets haustfest, ORBO kjem rett frå USA, Maggen, som håper på matkrig, kjem rett frå Brothaugen.

Håper på matkrig
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 03. nov. 2010 12:36

- Vi ville gjera litt ekstra ut av det i år, og håper på fullt hus og ein ekstra vellykka fest, seier styremedlem i ungdomslaget Vårvon, Emil Brimsholm.

I dag legg ungdomslaget billettane ut for sal på Vedholmen.

Laurdag 13. november er det tid for årets haustfest i ungdomshuset på Røttingen, og ungdomslaget har bestilt både Magnar «Maggen» Lien til standup og ORBO & The Longshots til å spela til dans.

- Her vel dei frå øvste hylle, ein spellemannsprisvinnar som kjem rett frå plateinnspeling i USA, og meg sjølv, som kjem rett frå Brothaugen, seier Maggen.

Kasta lapskaus
Haustfesten blir Maggen sitt første oppdrag i Øyane på 26 år. Han hugsar godt debuten på Røttingen, i alle fall delar av den.

- Eg var med i eit skodespel i 1974. Det eg hugsar best var at folk kasta lapskaus på kvarandre, fortel Lien.

Gode minne
Han ser ikkje vekk ifrå at underhaldninga var betre enn maten, men trur samstundes at matkrig er eit sikkert teikn på at festen er vellukka.

- Den blei i alle fall vellukka for min del. Eg har blitt fortalt at kvelden enda med at eg ramla ned i maskinrommet på båten til Kalle i Brattholmen, og det er ein fin måte å runda av ein haustfest på, humrar Maggen.

Frå USA til Øyane
ORBO & The Longshots har nyleg kome heim etter to månadar med turné og plateinnspeling i USA.

I hega som var heldt dei konsert på Madam Felle, 13. november speler dei til dans i Øyane.

Her kan du lesa om USA-turen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.