Kultur | 12. des. 2017

Håper på rekord

Osfest • Håper på ny rekord på lille nyttårsaften-konsertene. Lanserer ungdoms- og VIP-billettar til 2018-festivalen.

Håper på rekord
Planane for festivalområdet er klare. I 2018 blir det igjen eige VIP-område og eigne ungdomsbillettar på Osfest (ill: Osfest)
Andris Hamretirsdag 12. des. 2017 10:55

Billettsalet til Osfest sin lille nyttårsaften-konsert i Nore Neset Aktivitetshus med Gunslingers, Ferdamann og Kurt Røttingen band går godt.

– Vi har til no seld 220-230 billettar til arrangementet, så det ser veldig bra ut. Det er mykje meir enn det vi har seld så tidleg dei to første åra. Erfaringsmessig så tek det seg ytterlegare opp i romjula. Berre den første dagen etter at vi lanserte Gunslingers selde vi 25 billettar, forte Tor Egil Hylland i Os Live.

Har håp om ny rekord

Det første året stilte 500 i Nore Neset Aktivitetshus, i fjor var det 450 innanfor dørane.

– Med dei førehandstala vi har så langt, så har eg tru på ny rekord i år. Håpet er av i skal komma opp i 6-700 gjestar når det brakar laus.

– Det vil bety mykje for neste års festival i Os sentrum, då vi vil få moglegheiten til å bygga oss opp ein buffer i førkant av festivalen. Det er jo også litt derfor vi gjer desse arrangementa utenom festivalen. Både for å gje osingane god musikk, men også for å styrke sjølve festivalen.

Ungdoms- og VIP-billettar

Måndag la Hylland ut festivalpass og dagspass til Osfest 2018 som blir arrangert 10. og 11. august.

– Vi har allereie seld eit par festivalpass. Nyhet i år er at vi har eige todagarspass for ungdom frå 14 til og med 17 år. Dei som er 13 år eller yngre kjem som vanleg gratis inn i følgje med vaksne.

– I tillegg har vi igjen VIP-billettar, noko som blei etterlyst då vi ikkje hadde det på årets festival. VIP-området blir til neste år oppe på grusplassen og ikkje nede ved Kløvertun, slik som vi har hatt tidlegare.

– Ungdomspasset er halv pris av ordinær vaksen pris. I tillegg har vi no før jul eit early-bird-tilbod, som gjer at dei kan sikra seg to dagar på festival til fem hundre kroner pluss avgiftene.

– Kvifor dette grepet med ungdomsbillettar?

– Det er jo for å gjera noko for ungdommen og senke terskelen for at også dei skal få komma seg på festivalen. Det var ei kjempestemning og ei god opplevelse på fredagen i år, då vi hadde eit program meir retta mot ungdom. Vi ønskjer å få fleire ungdommar på festivalen og trur dette kan vera eit godt grep.

– Dessuten gjer det jo det enklare for familiar å gå på festival i lag, når prisen blir redusert. Vi ønskjer også å gje litt tilbake for den støtta vi får frå mellom anna Os kommune og Grieg Foundation.

Folkeleg festival

Festivalsjefen fortel at det ikkje er lenge før dei slepp dei første artistane for 2018-festivalen.

– Det eg kan seie er at det blir ein folkeleg festival med folkelege artistar som byggjer vidare på den profilen vi hadde i år. Det blir noko for einkvar smak, men vi kjem ikkje til å ha ein så utprega ungdomsprofil på fredagen som vi hadde i år.

– Vi jobbar særs hardt for å få mest mogleg igjen for pengane. Det meiner eg vi har greidd, utan at programmet har blitt dårlegare, avsluttar Hylland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.