Tora Wiberg (t.v.) er ein av instruktørane på golfskulen (Bilete frå i fjor: Andris Hamre)

Håper å passera 30 deltakarar

Bjørnefjorden Golfklubb arrangerer golfskule for åttande gong.

Av: Andris Hamre

Bjørnefjorden Golfklubb har gjort det til ein tradisjon å arrangera golfskule for barn den første veka i august.

– I år blir golfskulen frå 7. til 10. august. Ungane kjem her klokka 9 og får frukost før vi går ut og driv ulike golfaktiviteter før vi tek lunsj klokka 12, før ei ny økt på ettermiddagen, fortel Per-Olav Bahus Lysvold, dagleg leiar ved Bjørnefjorden Golfklubb.

Klubben har plass til 50 deltakarar.

– I fjor var vi 22-25 deltakarar. Håpet er i at vi i år skal passera 30.

Meir leik

Erfaringane frå i fjor viste at det kunne bli lange dagar for ungane i alderen 8 til 13 år.

– Spesielt for dei yngste kan det bli litt mykje golf, difor kjem vi i år til å bryte opp med nokre runder fotballgolf og kanskje ein test av den nye petanquebanen vår. Fordelen med fotballgolfen er at dei samstundes får litt golf-forståing på kjøpet.

Kan få VTG-kort

Bahus Lysvold fortel at aktivitetene på golfskulen følgjer mykje av den kompetansen ein får på VTG-kursa (vegen til golf, journ.mrk).

– Alle som deltek tar golfmerke i løpet av veka. Dei flinkaste får òg bestått VTG-kurs.

– Det er inga krav til at deltakarane skal ha spelt golf på førehand. Alt dei treng av utstyr får dei låna hos oss. Vi har òg kjøpt inn ein god del nye junior-sett som, om dei får sansen for golf, dei kan få kjøpa til ein veldig gunstig pris etter endt skule. Det einaste dei må ha med seg er klêr etter vêret.

Enorm dugnadsinnsats

Den daglege leiaren skryt av medlemmane i golfklubben som stiller gratis opp for å gje tilbodet.

– Det er ein enorm dugnadsinnsats som blir lagt ned. Berre på kjøkkenet stiller 6-8 opp for å servere frukost og lunsj til ungane. 

– Ungane blir delt opp i grupper som blir leia av to instruktørar, ein frå seniorgruppa og ein frå juniorgruppa som følgjer dei gjennom heile skulen. Det er utruleg kjekt å sjå, spesielt kor dyktige juniorane er som instruktørar og korleis dei utviklar seg gjennom dei fire dagane, avsluttar Bahus Lysvold, som legg til at det berre er å kontakta golfklubben for å melda seg på.

Fleire saker