Lokal | 11. juni 2019

Håper ruteknusar melder seg

– Eg reknar med det var eit uhell, men håper vedkomande vil gjera opp for seg.

Håper ruteknusar melder seg
Jarl Haug seier butikken aldri har vore utsett for verken innbrot, tjuveri eller hærverk. No håper han å trekka anmeldelsen. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 11. juni 2019 20:11

Bildeserie:

Ruta er knust, men ikkje heilt gjennom.
Ruta er knust, men ikkje heilt gjennom.
På denne flaska kan det vera fingeravtrykk.
På denne flaska kan det vera fingeravtrykk.
Haug vil foreløpig ikkje seia om kamera har fanga opp kva som skjedde.
Haug vil foreløpig ikkje seia om kamera har fanga opp kva som skjedde.
1 av 3
Ruta er knust, men ikkje heilt gjennom.
På denne flaska kan det vera fingeravtrykk.
Haug vil foreløpig ikkje seia om kamera har fanga opp kva som skjedde.

I ei oppsummering av pinsen fortalte politiet i dag om ruteknusing i ein butikk på Søfteland.

Den knuste ruta er hos Vestlandske Heiltrømøblar. Ingen har vore inne i butikken, og det er berre eine laget i ruta som er knust.

– Heldivis. Men ruta må skiftast, og det ender nok med at eg tar jobben sjølv, seier innehavar Jarl Haug.

Han trur han veit kva som har skjedd, og ber ruteknusar melda seg.

– Viss vedkomande kjem og gjer opp for seg så trekk eg anmeldelsen til politiet.

– Reknar med det var eit uhell

Møbelsnekkaren seier butikken aldri har vore utsett for verken innbrot, tjuveri eller hærverk.

Han trur han veit kva som har skjedd.

– Det låg ei halvfull 1,5-litersflaske med cola mellom glasskora. Eg trur nokon har slengt den frå seg, og at det er eit uhell at ruta knuste.

– Anten der ein vaksen eller nokre ungdomar så håper eg dei kjem og melder seg.

Haug vil ikkje seia noko om kor gode bilde han har frå dei to overvakingskamera, eller om det er tatt fingeravtrykk av colaflaska.

– Så lenge dei melder seg til meg så blir det ikkje noko politisak av dette.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.