Kultur | 01. des. 2015

Har allereie selt over 2000 billettar

Marcus og Martinus-konserten under Osfest er allerie ein hit - under eitt døgn etter at billettane vart lagt ut.

Har allereie selt over 2000 billettar
Billettane fyk ut til Marcus og Martinus-konserten under Osfest neste sommar. (Foto: Max Emanuelson)
Cathrin Valestrandtirsdag 01. des. 2015 12:22

Supertvillingane sin konsert på dagtid laurdag under Osfest er den første konserten som har blitt offentleggjort av Osfest-programmet.

Ordførar Terje Søviknes hadde fått oppdatert informasjon om billettsalet som han opplyste formannskapet om i samband med handsaminga av søknaden om driftsmidlar til Osfest 2016.

– Osfest lanserte familiearrangementet på dagtid. Dette er eit viktig grep for å oppfylle intensjonen, som er at Osfest skal vera ein folkefest.

– Konserten med Marcus og Martinus har slått veldig gått an. På under et døgn er det seld over 2000 billetter, i stor grad er desse billettane seld utanfor Os kommune, sa Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.