Lokal | 06. nov. 2018

Har allereie vore hos NRK

Eirik Søfteland finn stadig nye roller - no som konferansier.

Har allereie vore hos NRK
Eirik Søfteland trivst i rolla som konferansier. Her frå 125 årsjubileet til Kysten. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 06. nov. 2018 14:47

Bildeserie:

Ekte glede under oppdraget for Sparebanken Vest. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Ekte glede under oppdraget for Sparebanken Vest. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Litt skummelt, men mest spanande å verta intervjua av Eirik. (Foto: KOG)
Litt skummelt, men mest spanande å verta intervjua av Eirik. (Foto: KOG)
Foto: KOG
Foto: KOG
1 av 3
Ekte glede under oppdraget for Sparebanken Vest. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Litt skummelt, men mest spanande å verta intervjua av Eirik. (Foto: KOG)
Foto: KOG

Det var mange som i positive ordelag kommenterte konferansierjobben Eirik gjorde under Hjartebank for Bjørnafjorden i Oseana på torsdag.

For dei fleste var nok dette ei ny side ved Eirik, men det er ikkje første jobben av dette slaget.

Eirik fortel at han allereie har gjort ein del toastmaster-oppdrag i samband med bryllaup, og då Kysthospitalet markerte 125 år var det med Eirik som konferansier.

Benedikte Toftesund frå Sparebanken Vest fortel at dei òg har fått gode tilbakemeldingar på måten Eirik leia showet på;

– Vi la ned mykje arbeid i dette arrangementet, og vi hadde eit tidleg ønskje om at nettopp Eirik skulle ta jobben. Men at han skulle vera så god, det sette oss litt ut, og det på ein positiv måte, fortel Toftesund.

– Eirik hadde stålkontroll på den infoen vi hadde sendt han, og samstundes delte han så mykje varme og glede frå scenen.

Hos NRK i sommar, og fan av Linda Eide

– Er dette ei ny retning for deg, eller er det rett og slett påfyll på lista av ting du handterer?

– Eg har alltid likt å vera programleiar, då ser jo alle på meg, kjem det munnrapt frå Eirik.

– Nei, seriøst kunne eg godt tenka meg å verta programleiar på TV. Eg var faktisk på prøvar hos NRK i Oslo i sommar i samband med eit konsept dei jobba med. Dessverre vart det ikkje jobb på meg denne gongen, men det var kjekt å få prøva seg.

– Om du skulle få deg eit eige TV-program, kva skulle det ha handla om då?

– Det skulle ha vore eit smalt program, svarer Eirik. Det måtte ha handla om ting eg interesserar meg for, gjerne musikk. Samstundes skulle det ha vore noko nytt. Eg er ikkje interessert i å «ta stafettpinnen» vidare frå noko som nokon allereie gjer.

– Eg har stor sans for programleiar Linda Eide, og hennar smale, men samstundes lærerike program om stort og smått.

Konkrete planar vidare - og klar for podcast

På spørsmål om responesen på Sipher-albumet som vart sleppt nyleg, fortel Eirik at det allereie er gjort bookingar for neste år, men sidan arrangørane ikkje sjølv har sleppt nyheiten, kan ikkje han seia noko meir om kvar og kor tid.

– Eg jobbar eigentleg parallelt med både Sipher og Eirik Søfteland, eller Eirik Søfteland solo, om du vil. Sistnemnde var å sjå som avslutning på årets Osfest.

• Les òg: Avslutta Osfest med eit smell

– I tillegg vart det ikkje tid og moglegheit til å gjera eit skikkeleg plateslepp med Sipher. Plata vart jo som kjend litt forseinka, og så stengde Garage dørene.

– No ser vi på å ta ein skikkeleg runde opp og ned kysten, slik at vi verkeleg kan få feira plata, fortel Eirik.

– Vert du å sjå på TV i nær framtid?

– Nei, no er det stille og rolig på den fronten. Men veit du kva, eg har grådig lyst å vera med på podcast, så det er berre til å invitera meg!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.