Næringsliv | 03. juni 2017

Har auka salet med 30 %

– I år har det tatt heilt av, seier Paul Sigurd Sælen om den gode maimånaden hos Jernia P.M. Sælen.

Har auka salet med 30 %
Brørne Paul Sigurd og Hans Kristian Sælen gler seg over stor vekst og travle dagar i mai. (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 03. juni 2017 07:26

Paul Sigurd Sælen og dei fem andre tilsette i Jernia P.M. Sælen på Osøyro kan sjå tilbake på ein hektisk mai.

– Vi har hatt 30 % auke i omsetnad samanlikna med i fjor. Eg trur vi har hatt om lag same vekst i talet på kundar som har vore innom òg.

– Det er jo utruleg gøy, sjølv om det betyr at vi må jobba seint og tidleg for å rekka alt vi skal, smiler dagleg leiar Paul Sigurd Sælen.

Har tatt heilt av

Jerniabutikken Paul M Sælen & Co AS omsette for 15,6 millionar kroner i 2016. Det er 300.000 meir enn året før og 2 millionar over 2014.

– Vi har hatt gode år tidlegare også, men i år har det tatt heilt av. Sjølv med snøvêr og generelt lite vår i april, så omsette vi på same nivå som i fjor. Då våren endeleg kom, i månadsskiftet april-mai, tok det heilt av.

– Kva er det kundane vil ha?

– Det går i alt mogleg, grillar, klipparar og måling, det er vanskeleg å trekkja fram éi enkelt varegruppe.

«Alle» vil ha robot i hagen

Likevel er det éi vare stadig fleire kjem for å handla.

– Robotklipparar. Alle skal ha det no. Der har vi hittil i år selt 40 av klipparane frå Stihl/Viking. I fjor selde vi fem på same tida, og det er ikkje urealistisk å tru at vi skal passera 100 robotar innan sesongen er over.

– Eg er glad vi tok valet om at dette skulle vi satse på då desse kom på marknaden for nokre år sidan. Sjølv om dei første versjonane hadde litt driftsforstyrrelser, som gjorde at vi måtte mykje ut på service, så har det vore god butikk. Versjonane vi sel no har fått rydda unna barnesjukdommane og blitt veldig stabile, forklarar Sælen.

Har blitt meir liv

Jernia P.M. Sælen er ein av butikkane som hadde ei litt kronglete tilkomst då Øyro blei rusta opp. Det var mykje gravearbeid og store maskiner i gata utanfor butikken.

– Det var litt styrete her då, men folk fann fram likevel.

– No har det blitt veldig fint og eg trur det løftet som kommunen har tatt er veldig positivt for oss som driv i sentrum. Det ser ut til at målet om meir liv på Øyro allereie er nådd, vi merker i alle fall auka trafikk, avsluttar Paul Sigurd Sælen.

Leiar i sentrumsforeninga, William Lindborg, stadfestar inntrykket.

– Det er fleire av medlemmane som fortel om ein god mai. Vi ser det er mykje folk i sentrum og at det er blitt spennande å koma til Osøyro igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.