Sport | 04. jan. 2018

Har avtalt fem treningskampar

Fysiske testar er over. Om drygt to veker er første treningskamp.

Har avtalt fem treningskampar
Øystein Takle Eide i treningskamp for Os mot Sotra i fjor vinter. Kampen enda 2-2.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 04. jan. 2018 08:38

I november blei Karl Kvile presentert som ny hovudtrenar for Os etter Hassan El Fakiri.

• Les òg: 20 prosent sjanse for opprykk

I desember, før spelarane blei sendt ut i ferie med eigentrening, blei spelarane testa.

Øystein og Vegard viste seg fram

– Vi køyrde test i styrke og sprint, og målte kondisjon på mølle, fortel Kvile.

Øystein Takle Eide var i særklasse best på 40-meter, mens Vegard Strønen Skeie var suveren i mølletesten.

– Samla sett viste resultata at ein del spelarar har meir gå på, slik eg trudde, og det fekk meg til å smila. Å auka kondisjonen er ikkje vanskeleg, om vi med intensiv trening gjennom vinteren får vi skjerpa denne 10-15 prosent på dei som som har mest å henta, så vil det gje laget eit stort løft.

Møter Håland sitt Varegg på Kuventræ

I går var første fellestrening etter juleferien. Snart er Os også i gang med treningskampar.

– Det er ikkje lenge til 21. mars og første kvalifiseringskamp til NM, så det er berre å koma i gang, meiner Kvile.

Os skal ha fire treningskampar før dei i vinterferien reiser på treningsleir, i år til Tyrkia. Der er det venta at dei får minst éin treningskamp.

Når dei er heime igjen blir det éin treningskamp før NM-kvalik. Denne går mot avtroppa assistent-trenar Ørjan Håland sitt Varegg, og er den einaste av treningskampane som går på Kuventræ.

Her er ei oversikt over alle treningskampane til Os denne vinteren:

Søndag 21. januar: Øystese - Os (innandørs, Sotra Arena)
Laurdag 27. januar: Haugesund 2 - Os (i Haugesund)
Søndag 4. februar: Arna-Bjørnar - Os (Vestlandshallen)
Fredag 9. februar: Fana - Os (innandørs, Sotra Arena)
Treningsleir fredag 23/2 til fredag 2/3: Tyrkia
Onsdag 14. mars: Os - Varegg (Kuventræ)

• Onsdag 21. mars speler Os første kvalifiseringskamp i NM. Oppsettet er ikkje tatt, men her ser du liste over alle dei 18 laga i kretsen som skal ut i kvalifisering.

• Serien startar i april. Heller ikkje her er oppsettet klart, men 4. divisjonsavdelinga Os skal spela i blei klar før jul.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.