Lokal | 17. mars 2020

Har blitt ein samlingsplass for ungdom

Naboar klager på støy utover kveldane.

Har blitt ein samlingsplass for ungdom
Parkeringskjellaren under ny dobbelthall. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 17. mars 2020 08:15

Måndag klokka 23.46 fekk politiet melding om støy frå parkeringskjellaren i Os Idrettspark.

– Innringar fortel om samling av ungdom og køyring med moped i garasjen, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Dette skal vera eit gjentakande problem. Politiet forstår at ungdomen er rastlaus når skular, fellestrening og treningssenter er stengte, men ber dei ta omsyn.

– Akustikken i eit tomt parkeringshus forsterkar støyen, og det nærma seg midnatt då vedkomande ringte.

– Eg håper vi slepp å fysisk stenga, eller at kommunen må laga ei ordning for registrert innkøyring, for at naboane skal få fred frå unødig støy.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.