Næringsliv | 07. nov. 2019

Har blitt parkeringsplass igjen

I dag opna delar av grusbanen for bilistar igjen. For siste gong under open himmel.

Har blitt parkeringsplass igjen
Grusbanen i oktober. Om to-tre månadar er banen historie. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. nov. 2019 09:38

I dag opna delar av grusbanen ved Os ungdomsskule for langtidsparkering.

– Vi har fått lov å bruka rundt ein tredel av plassen. Dette skal gi cirka 40 parkeringsplassar, seier Jeanett Borgen Kallekleiv, leiar i Os Sentrumsforening.

– Skulen har avgrensa uteplass mens Os Aktiv blir bygd. Sjølv elevane stort sett er innandørs, treng dei blant anna ein plass å samla elevane ved eventuell brannalarm, forklarer ho.

Ho er glad for den utvida kapasiteten nær sentrum fram mot jul.

Skal fjernast

Grusbanen skal erstattast av parkeringshus med kunsgras på taket.

Plassen blir tilgjengeleg fram til gravearbeidet startar.

– Ifølgje prosjektsjef Halvor Hanevik skjer dette truleg rett over nyttår, seier Jeanett.

Siste kamp på grusen

Grusbanen har vore Jadakameratene sin heimebane fram til denne hausten.

I oktober fekk Bergens Tidende vera med på det som var den siste kampen på grusen, mellom Jadakameratene City og Os Barca.

– Her gjer vi menn av gutar. Det er synd det er slutt, seier trenar Remi Reiertsen til BT.

Ifølgje Hordaland Fotballkrets er det rundt 40 grusbanar igjen i regionen, men eit fåtal er framleis i bruk.

Les heile den fine og nostalgiske Jada-reportasjen på BT.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.